Historisk arkiv

Prikkbelasting: Raskare inndragning av førarkortet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ordninga med prikkbelasting av førarkortet ved visse brot på vegtrafikklovgjevinga, skal forbetrast. Ei justering er nødvendig, slik at ordninga i større grad fangar opp førarar som stendig utset seg sjølv og medtrafikantane for stor fare, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Ordninga med prikkbelasting av førarkortet ved visse brot på vegtrafikklovgjevinga, skal forbetrast. Ei justering er nødvendig, slik at ordninga i større grad fangar opp førarar som stendig utset seg sjølv og medtrafikantane for stor fare. 

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete, i samband med at Samferdselsdepartementet, i samarbeid med Justisdepartementet, skal gjennomgå regelverket for prikkbelasting. Gjennomgangen er ei oppfølging av ein evalueringsrapport som Sintef har utarbeidd på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Rapporten tek for seg prikkbelastingsordninga som vart innført med verknad frå 1. januar 2004.

Ordninga kan strammast inn ved å redusere talet på kor mange prikkar som i løpet av tre år fører til tap av retten til å føre motorvogn. Ei slik justering kan skje ved at ein får ei ordning der seks prikkar gjev tap av retten til å føre motorvogn, og der ein etter fire prikkar får brev med åtvaring om tap av førarretten. Med den ordninga som gjeld i dag mistar ein førarretten etter åtte prikkar og får åtvaringsbrev etter seks prikkar.

- I gjennomgangen skal det også vurderast om vi skal ha strengare reglar for førarar under 24 år. Med det store talet på ulukker der ungdom er innblanda, er det viktig å finne effektive sanksjonar mot unge førarar som jamleg bryt trafikkreglane, seier samferdselsministeren.

Målet med gjennomgangen er elles å få ei ordning som verkar betre når det gjeld registrering av prikkar og inndraging av førarkort.

- Evalueringsrapporten viser at førarar som har fått prikkar endrar åtferda og blir meir lovlydig i trafikken. Dette gjeld særleg etter den sjette prikken og brev med åtvaring om fare for tap om førarrett. -  Dette viser at ordninga verkar i dag, men ho bør altså gjerast enda betre, seier samferdselsministeren.