Historisk arkiv

Ryasambandet:

Anleggsarbeidet startar etter planen våren 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

72/08

- Ryasambandet vil leggje tilhøva betre til rette for både arbeidspendling og fritidsreiser mellom Tromsø og Malangshalvøya. Den nye vegen vil òg betre kommunikasjonen internt i Tromsø kommune, og mellom Tromsø-området og delar av Balsfjord kommune. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Ryasambandet vil leggje tilhøva betre til rette for både arbeidspendling og fritidsreiser mellom Tromsø og Malangshalvøya. Den nye vegen vil òg betre kommunikasjonen internt i Tromsø kommune, og mellom Tromsø-området og delar av Balsfjord kommune. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om utbygging og finansiering av riksveg 858 - Ryasambandet. 

Anleggsarbeidet er planlagt starta i første halvår 2009, med fullføring våren 2009. Ryasambandet er eit fastlandssamband som vil erstatte det noverande riksvegferjesambandet Vikran-Balseng. Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,2 kilometer ny tofelts veg, inkludert ein undersjøisk tunnel på 2,7 kilometer mellom Balsnes og Larseng i Tromsø kommune.

Reisetida på strekninga vil bli korta ned frå i gjennomsnitt ein halv time til under fem minutt. I tillegg vil den faktiske køyrelengda for dei fleste trafikantane bli litt kortare enn i dag, då tunnelen er plassert på ein annan stad enn ferjesambandet.

Prosjektet er kostnadsrekna til 248 millionar 2008-kroner. Prosjektet skal finansierast gjennom innspara statlege tilskot til drift av ferjesamband, innspara statlege tilskot til kapitalkostnadar for ei statleg ferje, ordinære statlege midlar, bompengar og lokale tilskot. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn for finansieringsplanen er bompengeperioden rekna til 19 år.

For fleire opplysningar og kartskisse, sjå: 

St.prp.nr. 76 (2007-2008) Om utbygging og finansiering av rv 858 Ryaforbindelsen i Tromsø kommune i Troms

For yttarlegare kommentarar frå samferdselsministeren om Ryasambandet, ta kontakt via

Dag Nestegard
Seniorrådgjevar
Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet
Telefon 22 24 81 52/48 17 02 09