Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Prøveordning med lengre vogntog
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 18/08 | Dato: 04.03.2008
- Frå 1. juni i år vert det sett i gang ei prøveordning med bruk av såkalla modulvogntog med lengd inntil 25,25 meter, på visse utvalde vegstrekningar. Eg ønskjer å finne ut om slike vogntog kan gje meir effektiv og miljøvennleg godstransport på nokre få strekningar med god standard. Prøveordninga skal vare i tre år, men kan bli heilt eller delvis avslutta dersom erfaringane undervegs skulle gjere det naudsynt.

Dette opplyste samferdselsminister Liv Signe Navarsete i dag, i eit innlegg ved konferansen ”Næringslivet og Nasjonal transportplan 2010-2019”.
- Opplegget for prøveordninga har tidlegare vore på ei omfattande høyring. Eg tek på alvor dei innvendingane som kom fram i høyringa, når det galdt mogelege verknader. Prøveordninga vil difor bli evaluert, mellom anna for å sjå kva for verknader slike vogntog har på trafikktryggleik og miljø. Evalueringa vil vere ein viktig del av grunnlaget for å avgjere om vi skal gå vidare etter prøvepereioden.
I valet av strekningar har eg lagt vekt på å få til prøverordning i ulike delar av landet, og det er elles -mellom anna lagt til rette for transport over riksgrensa og til terminal, seier samferdselsministeren.
Desse hovudstrekningane skal omfattast av prøveordninga:
E6 og E18 på strekninga Svinesund – Oslo, medrekna veg til terminalar på Alnabru,Berger (Skedsmo) og Rolfsøy (Fredrikstad). I tillegg vil Vegdirektoratet vurdere om vegane fram til ein del andre terminalar kan vere eigna, mellom anna terminalar på Karihaugen, Moss og Vestby.
Riksveg 2 Riksgrensa (Sverige) – Kongsvinger
E12 Riksgrensa (Sverige) – Mo i Rana
E8 Riksgrensa (Finland) – Skibotn
E6 Riksgrensa (Finland) - Kirkenes