Historisk arkiv

Samferdselsministeren til toppmøte om klima

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er 28. – 30. mai i Leipzig i Tyskland for å vere med på møte i International Transport Forum (ITF). Meir enn 50 transportministrar frå heile OECD-området, i tillegg til India, Kina og Brasil er med på møtet.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er 28. – 30. mai i Leipzig i Tyskland for å vere med på møte i International Transport Forum (ITF). Meir enn 50 transportministrar frå heile OECD-området, i tillegg til India, Kina og Brasil er med på møtet. ITF er ei vidareføring av det som tidlegare vart kalla The European Conference of Ministers of Transport.

Tema for møtet er klimautfordringane og det aukande energibehovet i verda. Samferdselsministeren skal mellom anna delta i eit panel saman med den nederlandske transportministeren. Panelet skal i tillegg ha representantar frå  energisektoren, luftfarten, bilindustrien og bilkomponentindustrien.

Mellom innleiarane er også Rajendra Pachauri, nobelprisvinnar og leiar av FNs klimapanel. Inviterte deltakarar frå forsking, undervisning, næringslivet, fagrørsla og ikkje-statlege organisasjonar vil vere til stades. Den tyske  forbundskanslaren Angela Merkel er mellom dei som skal halde innlegg.

Program for møtet (pdf)  

Lenkje til International Transport Forum: www.internationaltransportforum.org

For meir informasjon, kontakt:
Seniorrådgjevar
Dag H. Nestegard
Samferdselsdepartementet
Tlf: 22 24 81 52/ 48 17 02 09