Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009:

Samferdsel: 238 millionar kroner til forsking, utgreiing og utvikling – innsatsen aukar med 40 prosent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet legg opp til ei kraftig auke i løyvingane til forsking, utgreiing og utvikling med 68,3 millionar kroner. Av dette skal 50 millionar kroner brukast til den nye tilskottsordninga for miljøvennleg transport, Transnova. Auken omfattar og 15 millionar kroner til styrking av klimaforsking i regi av forskingsprogrammet RENERGI.

Samferdselsdepartementet legg opp til ei kraftig auke i løyvingane til forsking, utgreiing og utvikling med 68,3 millionar kroner. Av dette skal 50 millionar kroner brukast til den nye tilskottsordninga for miljøvennleg transport, Transnova. Auken omfattar og 15 millionar kroner til styrking av klimaforsking i regi av forskingsprogrammet RENERGI.

- Forsking gjev oss ny kunnskap om korleis vi kan redusere talet på drepne og skadde i trafikken, og er avgjerande for å utvikle tiltak som reduserer klimautslepp frå transportsektoren. Forsking er også eit viktig grunnlag for god planlegging, slik at infrastrukturen blir bygd ut og halden ved like på ein måte som sikrar at ressursane i samfunnet blir utnytta best mogeleg, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Midlane er fordelte slik:

• 170,2 millionar kroner til samferdselsforsking, fordelt med 89 millionar kroner til transportforsking, 80 millionar kroner til teleforsking og 1,2 million kroner til norsk deltaking i EUs teknologiinitiativ. Løyvingane til samferdselsforsking er auka med 11,5 prosent frå 2008.

• 50 millionar kroner til Transnova-prosjektet, til verkemidel og tiltak for å redusere klimagassutslepp frå transportsektoren.

• 18 millionar kroner til utgreiingar, i hovudsak om miljø og trafikktryggleik.

Klima, miljø og trafikktryggleik er viktige tema innan transportforskinga, medan utvikling og bruk av IKT er sentralt i teleforskinga.


Transnova

Transnova-prosjektet skal medverke til å redusere CO2- utsleppa frå transportsektoren, Transnova skal vere etablert tidleg i 2009. Prosjekt som framskundar auka bruk av alternative drivstoff, slik som annangenerasjons biodrivstoff, elektrisitet og hydrogen, vil bli prioritert.  


Teleforsking

Midlane til teleforsking skal medverke til å sikre eit godt tilbod av rimelege og framtidsretta elektroniske kommunikasjonstenester over heile landet. Ein stor del av desse løyvingane går til forskingsprogrammet Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT (VERDIKT).


Transportforsking

Med løyvinga til RENERGI vil regjeringa styrkje utviklinga av meir miljøvennleg transport. I 2008 vart det med midlar frå programmet mellom anna sett i gang ulike prosjekt for å fremje utviklinga og bruken av biodrivstoff. RENERGI har også støtta demonstrasjonsprosjektet Hydrogenvegen mellom Stavanger og Oslo.

Regjeringa gjer framlegg om å vidareføre støtta til forsking om risiko og sikkerheit i transportsektoren gjennom RISIT-programmet, og til SMARTRANS-programmet som arbeider med å redusere avstandskostnadar, fremje intermodale transportar og auke bruken av intelligente transportsystem.