Utviding av bompengeordning
Karmøy blir ein del av Haugalandspakka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 26/08 | Dato: 14.03.2008
- Bompengeordninga for utbygging av vegprosjekta i Haugalandspakka i Rogaland og Hordaland skal utvidast til å omfatte prosjekt og tiltak i Karmøy kommune i Rogaland, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om å utvide bompengeordninga for Haugalandspakka.
- Bompengeordninga for utbygging av vegprosjekta i Haugalandspakka i Rogaland og Hordaland skal utvidast til å omfatte prosjekt og tiltak i Karmøy kommune i Rogaland. Ei slik utviding er i tråd med vedtak i Karmøy kommune og Rogaland fylkeskommune. Utbygginga av prosjekta i Haugalandspakka vil føre til meir effektiv og miljøvenleg transport og færre trafikkulykker. Tiltak for å styrkje kollektivtransporten og nye gang- og sykkelvegar er dessutan ein viktig del av Haugalandspakka.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om å utvide bompengeordninga for Haugalandspakka for å finansiere vegprosjekt og tiltak i Karmøy kommune.
Haugalandspakka omfattar i dag i hovudsak utbetringstiltak på E134-strekninga Haugesund – Etne og fleire prosjekt på riksveg 47 Haugesund – Sveio. I tillegg er det lagt opp til å gjennomføre fleire investeringstiltak mellom Årsvågen og fylkesgrensa mot Hordaland.
Forslaget om å utvide Haugalandspakka omfattar ei rekkje utbetringstiltak, bygging av gang- og sykkelvegar og miljø- og trafikksikringstiltak på vegnettet i Karmøy kommune.
Finansieringa av Haugalandspakka byggjer på bompengar, statlege midlar og fylkeskommunale midlar. Den samla økonomiske ramma for utbygginga er om lag 2,7 milliardar kroner.
- For fleire opplysningar – sjå St.prp. nr. 45 (2007-2008) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område