Historisk arkiv

Vegtrafikkulukker: Færre drepne for tredje månad på rad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- For tredje månad på rad har vi no hatt ein nedgang i talet på drepne i vegtrafikken, samanlikna med tilsvarande månader i fjor. Den store auken i forhold til tala for 2007 har dermed flata noko ut, slik at det for dei ti første månadene i år er 30 fleire drepne i vegtrafikken enn på same tid i fjor, seier samferdselsminister Navarsete i ein kommentar til nye ulukkestal for oktober.

- For tredje månad på rad har vi no hatt ein nedgang i talet på drepne i vegtrafikken, samanlikna med tilsvarande månader i fjor. Den store auken i forhold til tala for 2007 har dermed flata noko ut, slik at det for dei ti første månadene i år er 30 fleire drepne i vegtrafikken enn på same tid i fjor.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Statistisk sentralbyrå i dag har lagt fram ein statistikk som omfattar vegtrafikkulukker med personskade i oktober 2008.

- Elles er det verdt å merke seg at det også i oktober var ein nedgang i talet på skadde, og at talet for skadde i vegtrafikken i perioden januar - oktober er lågare enn for same periode i fjor, seier samferdselsminister Navarsete.

Tala frå Statistisk sentralbyrå viser at 23 personar miste livet i vegtrafikken i oktober i år, mot 27 i oktober i fjor. I alt har 226 personar mista livet i trafikken så langt i år, mot 196 i same periode i fjor. Dei førebelse tala viser 9 428 personskadar, medan tilsvarande tal for 2007 var 10 107.

- For å gjere trafikken tryggare må vi ta i bruk verkemiddel over eit breitt felt, mellom anna trafikkontrollar, utbygging og utbetring av vegar, sikring av farlege strekningar, kontroll av køyretøy og opplæring og informasjon. Utviklinga i år har vore urovekkjande, og regjeringa har difor auka innsatsen for trafikktryggleik, seier samferdselsministeren.