Historisk arkiv

Regjeringas tiltakspakke 2009

1,3 milliardar kroner til opprusting og utbygging av jernbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Tilleggsløyvinga på 1,3 milliardar kroner til drift, vedlikehald og utbygging av jernbanenettet vil gi eit betre og meir punktleg jernbanetilbod for folk og næringsliv rundt i landet. Tiltaka vil få fleire hender i arbeid raskt, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Tilleggsløyvinga på 1,3 milliardar kroner til drift, vedlikehald og utbygging av jernbanenettet vil gi eit betre og meir punktleg jernbanetilbod for folk og næringsliv rundt i landet. Tiltaka vil få fleire hender i arbeid raskt. Med dette tek regjeringa nok eit stort løft for å gjere togtilbodet betre, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Midlane vil bli nytta til å framskunde utbygging og planlegging av fleire større prosjekt på jernbanenettet, tiltak for meir punktleg tografikk, betre publikumsinformasjon og å gjere stasjonane betre tilgjengeleg for alle grupper av reisande, seier samferdselsminister Navarsete.

- Med den varsla auken i Tiltakspakka vil jernbaneformål få 2,6 milliardar kroner meir i 2009 enn i 2008. Eit jernbanebudsjett på over 10 milliardar kroner varslar ei ny tid for jernbanen og gjer det mogleg å få til naudsynt opprusting av jernbanen, seier Navarsete.

Forslaget om tilleggsløyving på 1,3 milliardar kroner til jernbaneføremål er fordelt med 818 millionar kroner til drift og vedlikehald og 483 millionar kroner til investeringar i jernbanenettet.

Drift og vedlikehald: 818 millionar kroner

Innanfor den føreslåtte løyvinga på 818 millionar kroner til drift og vedlikehald av jernbanenettet er 60 millionar kroner sett av til ulike driftsoppgåver, mellom anna auka inntak av lærlingar, styrking av arbeid med planlegging og ein del mindre tiltak som omfattar Jernbaneskolen i Oslo og Jernbanemuseet på Hamar.

Resten av tilleggsløyvinga, det vil seie 758 millionar kroner, skal gå til vedlikehald av infrastrukturen, og er fordelt slik:

• 120 millionar kroner til førebyggjande vedlikehald på ei rekkje banestrekningar. Tiltaka omfattar sporjustering, skinnesliping, skogrydding og ymse utbetringsarbeid

• 638 millionar kroner til fornyingsarbeid, som skal fordelast på mellom anna desse strekningane og oppgåvene:

• Dovrebanen: Sville- og skinnebytte og ballastrensing
• Kongsberg stasjon: Sikringsanlegg
• Bergensbanen: Svillar, skinner og drenering
• Nordlandsbanen: Ballastrensing og andre fornyingstiltak
• Bergens- og Sørlandsbanen: Kontaktleidningsanlegg
• Sørlandsbanen: Andre fornyingstiltak
• Østfold-/Kongsvingerbanen: Parkeringsareal, bygningar, opprydding og gjerding
• Drammen-/Vestfoldbanen: Parkeringsareal, bygningar, opprydding og gjerding
• Rørosbanen: Svillebytte
• Ofotbanen: Ulike tiltak
• Opprusting av stasjonar og plattformer
• Bruer

Investeringar  i jernbanelina – aukar med 483 millionar kroner

Den føreslåtte auken på 483 millionar kroner er fordelt slik:

120 millionar kroner til framskunding av anleggsstart på prosjektet Gevingåsen tunnel, på Nordlandsbanen mellom Hommelvik i Sør-Trøndelag og Hell i Nord-Trøndelag, med sikte på anleggsstart i april 2009.

120 millionar kroner til framskunding av anleggsstart for prosjektet Barkåker – Tønsberg, på Vestfoldbanen, med sikte på anleggsstart i april 2009.

88 millionar kroner til ei rekkje mindre investeringstiltak. Av dette beløpet skal 38 millionar kroner nyttast til sikring av planovergangar, rassikring og opprydding av grunnforureining. I tillegg skal 50 millionar kroner brukast for å gjere stasjonane betre tilgjengeleg for alle grupper av reisande.

155 millionar er sett av for å framskunde planlegging, fordelt med om lag 30 millionar kroner på kvart av prosjekta Holm – Holmestrand og Farriseidet – Porsgrunn på Vestfoldbana, og om lag 30 millionar kroner på dobbeltspor Eidsvoll – Hamar på Dovrebana. I tillegg er det sett av om lag 55 millionar kroner som vil bli nytta til auka planlegging og kjøp av grunn.

Omlag 10 millionar kroner vil bli brukt til å framskunde planlegging av det nye signal- og sikringsanlegget ERMTS, som er eit nytt sikringssystem basert på europeisk standard.
 
Tidspunkt for starte dei føreslåtte tiltaka vil variere noko, men arbeida vil i hovudsak kome i gang frå februar/mars og utover våren  2009.