Tiltakspakke 2009
2,3 milliardar kroner til opprusting og utbygging av vegnettet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 06/09 | Dato: 26.01.2009
- Regjeringa foreslår å bruke 2,3 milliardar kroner til opprusting og utbygging av vegnettet rundt i landet. Det er tiltak og prosjekt for å byggje landet som raskt skal gi fleire hender i arbeid. Med dette tek regjeringa nok eit stort løft for å få betre og sikrare vegar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med framlegginga av Tiltakspakke 2009.
- Regjeringa foreslår å bruke 2,3 milliardar kroner til opprusting og utbygging av vegnettet rundt i landet. Det er tiltak og prosjekt for å byggje landet som raskt skal gi fleire hender i arbeid. Med dette tek regjeringa nok eit stort løft for å få betre og sikrare vegar. Desse nye løyvingane må sjåast i samanheng med at det i budsjettet for 2009 kom ei auke på 1,6 milliardar kroner til veg som òg vil gi stor aktivitet i anleggsbransjen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med framlegginga av Tiltakspakke 2009.
Med den føreslåtte auken vil løyvingane til Statens vegvesen i 2009 bli 19,3 milliardar kroner eller 25,3 prosent høgare enn i 2008.
Av den føreslåtte auken på 2,3 milliardar kroner skal 810 millionar kroner gå til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, 1,43 milliardar kroner er avsett til riksveginvesteringar, medan 60 millionar skal nyttast til særlege rassikringstiltak.
Trafikktilsyn, drift og vedlikehald - aukar med 810 millionar kroner
Auken på 810 millionar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er fordelt slik:
• 500 millionar kroner skal nyttast til legging av asfaltdekke og forsterking av vegfundamentet
• 80 millionar kroner til vedlikehald av ferjekaier
• 100 millionar kroner til tiltak for betre trafikktryggleik
• 80 millionar kroner til vedlikehald av bruer
• 50 millionar kroner til vedlikehald av tunnelar
Riksveginvesteringar – aukar med 1,43 milliardar kroner
Til investeringar på riksvegvegnettet er det føreslått ein auke på 1,43 milliardar kroner. Denne auken er fordelt slik:
• 500 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar
• 300 millionar kroner til fleire mindre investeringstiltak
• 100 millionar kroner til opprusting av ferjekaier
• 280 millionar kroner til trafikktryggleikstiltak langs eksisterande veg
• 50 millionar kroner til opprusting av tunnelar
• 200 millionar kroner skal nyttast til å framskunde åtte større vegprosjekt.
Denne auken på 200 millionar kroner til større vegprosjekt er fordelt slik:
- 10 millionar kroner til riksveg 60 Olden – Innvik i Sogn og Fjordane
- 40 millionar kroner til E18 Sky i Vestfold – Langangen i Telemark
- 40 millionar kroner til E16/riksveg 13 Vossapakko i Hordaland
- 15 millionar kroner til E6 Majavatn i Nordland
- 50 millionar kroner til E6 Jansnes – Halselv i Finnmark
- 10 millionar kroner til riksveg 9 Tveit – Langeid i Aust-Agder
- 20 millionar kroner til riksveg 85 Kåringen – Lødingen i Nordland
- 15 millionar kroner til E39 Skibadalen i Rogaland
Særlege rassikringstiltak – aukar med 60 millionar kroner
Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga til særlege rassikringstiltak skal aukast med 60 millionar kroner. Denne auken vil i hovudsak bli nytta til mindre utbetringar på fleire rasutsette punkt på vegnettet.
Pressemeldingar frå Samferdselsdepartementet om Tiltakspakke 2009: Hovudpressemelding; Vegføremål; Jernbaneføremål; Miljøvennleg transport; Fylkesvis oversikt