60 millionar kroner ekstra til Nasjonale turistvegar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 11/09 | Dato: 26.01.2009 | Sist oppdatert: 27.01.2009
Samferdselsdepartementet aukar satsinga på turistattraksjonen Nasjonale turistvegar i 2009 gjennom regjeringas økonomiske tiltakspakke. Nasjonale turistvegar er 18 utvalte strekningar frå Varanger i nord til Jæren i sør som Statens vegvesen skal utvikle til ein internasjonal turistattraksjon innan 2016. Samferdselsdepartementet har tidlegare dobla den årlege satsinga på Nasjonale turistvegar frå 50 til 100 millionar i 2007. No satsar departementet endå sterkare og aukar turistvegbudsjettet frå 100 til 160 millionar kroner. 60 millionar til arkitektursatsinga langs turistvegane betyr fleire arbeidsplassar i distrikta.
Samferdselsdepartementet aukar satsinga på turistattraksjonen Nasjonale turistvegar i 2009 gjennom regjeringas økonomiske tiltakspakke. Samferdselsdepartementet dobla den årlege satsinga på Nasjonale turistvegar frå 50 til 100 millionar i 2007. No satsar departementet endå sterkare og aukar turistvegbudsjettet frå 100 til 160 millionar kroner. 60 millionar til arkitektursatsinga langs turistvegane betyr fleire arbeidsplassar i distrikta.
- Målet med satsinga på Nasjonale turistvegar, er å styrke næringsliv og busetnad i distrikta ved å gjere Noreg meir attraktivt for bilturistar. Flotte vegar som mellom anna Trollstigen, er med på å gjere Noreg til ei spektakulær turistoppleving. No får Trollstigen, Valdresflya og Atlanterhavsvegen ekstra pengar i år, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Nasjonale turistvegar er 18 utvalte strekninar frå Varanger i nord til Jæren i sør som Statens vegvesen skal utvikle til ein internasjonal turistattraksjon innan 2016.
- Den økonomiske krisa har særleg råka bygg og anlegg. Ekstraløyvinga til Nasjonal turistveg betyr auka etterspurnad etter arbeidskraft i byggebransjen, seier samferdselsministeren.
Trollstigen, Vøringsfossen og Gjende er turistikon som vert brukt aktivt i profileringa av Noreg som ferieland. Statens vegvesen har gjennom arbeidet med Nasjonale turistvegar planar for å gje desse ikona eit naudsynt og etterlengta løft. Arbeidet har kome lengst på Trollstigen. I tiltakspakka tar Samferdselsdepartementet eit stort statleg ansvar for å sikre fullføringa av Trollstigen saman med bidrag frå Møre og Romsdal fylke og Rauma kommune. 30 millionar av ekstraløyvingane går til Geiranger-Trollstigen. Det betyr at arbeidet med å bygge to nye attraksjonsbygg på Trollstigen og Gudbrandsjuvet vert framskunda med eitt til to år.
På Valdresflya kjem arbeidet med å bygge eit nytt servicebygg med toalett og venterom på Reinsvangen ved Gjende i gong to år tidlegare enn planlagt.
I Ryfylke forserer Statens vegvesen arbeidet med eit nytt servicebygg med toalett i Almannajuvet i Sauda. I Varanger sikrar den økonomiske tiltakspakka at minnesmerket for hekseprosessane i Finnmark på Steilneset i Vardø står ferdig i 2009. På Atlanterhavsvegen vert det statlege bidraget i spleiselaget som gjer det mogleg å få til ei trafikksikker løysing for fritidsfiskarar på Mybærholmen bru auka. Det er også sett av midlar til turistvegtiltak langs turistvegane i Rondane, Aurlandsfjellet og Helgelandskysten dette året. Dette er alle bygg som etter planen skulle reisast i perioden 2010-2012. No vert arbeidet framskunda med eitt til to år.
Foto: Atlanterhavsvegen, Nasjonale turistvegar/Bård Løken
- Sjå også nettsidene om Nasjonale turistvegar