Historisk arkiv

Belønningsordninga: 323,4 millionar kroner til miljøvenlig transport i byane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi er nøydd til å gjere langt meir i åra som kjem for å dempa privatbilbruken i dei største byområda og for å gje folk gode og miljøvennlege alternativ. Belønningsmidlane frå staten er difor dobla i 2009 og vi stiller tøffare krav til byområda, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med tildeling av midlar for 2009.

- Vi er nøydd til å gjere langt meir i åra som kjem for å dempa privatbilbruken i dei største byområda og for å gje folk gode og miljøvennlege alternativ. Belønningsmidlane frå staten er difor dobla i 2009 og vi stiller tøffare krav til byområda. Dei byane som ynskjer å gjennomføre heilskaplege pakkar av tiltak som verkeleg bidreg til ei anna og meir miljøvennleg transportpolitikk skal få vesentleg meir stateleg drahjelp.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med tildeling av midlar for 2009.  

Målet med ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”  er å betre miljøet i dei større byområda gjennom redusert biltrafikk. Talet på kollektivreiser og turar til fots og med sykkel skal auke, medan reiser med personbil skal reduserast.

Tildeling av midlar over belønningsordninga for 2009
(Byområde - Tildeling - Søkjar)

Oslo: 80 millionar kroner (Oslo kommune)
Bergen: 40 millionar kroner (Hordaland fylkeskommune)
Stavanger: 22,3 millionar kroner (Rogaland fylkeskommune)
Trondheim: avhengig av forhandlingar (Sør-Trøndelag fylkeskommune)
Kristiansand: avhengig av forhandlingar (Vest-Agder fylkeskommune)
Tromsø: 3,4 millionar kroner (Troms fylkeskommune)
Drammen:  avhengig av forhandlingar  (Buskerud fylkeskommune)
Sarpsborg/Fredrikstad: 7,0 millionar kroner (Østfold fylkeskommune)
Skien/Porsgrunn: 9,0 millionar kroner (Telemark fylkeskommune)

Til saman 323,4 millionar kroner. 

For 2009 er det løyvd 323,4 millionar kroner. Dette er ei dobling samanlikna med 2008. 

Retningslinjene for belønningsordninga blei stramma inn frå og med 2008 for å få ein betre effekt av ordninga. Dei byane som lukkast best i å dempe bruken av personbil, skal lønnast. Nytt av året er at Samferdselsdepartementet opnar for å inngå  fireårig avtalar om tildeling av midlar. Halvparten av løyvinga på statsbudsjettet for 2009, 161,7 millionar kroner, skal kunne nyttast til slike fireårige avtaler. 

Ordninga med fireårig avtale mellom staten og byområda skal gjelde for søkjarar som viser ein tydeleg vilje til å gjennomføre meir restriktive tiltak mot personbiltrafikken. I tillegg skal storbykommunane samordne areal- og transportpolitikk med nabokommunane på ein god måte. Av dei seks byområda som har søkt om  fireårig avtale, har Samferdselsdepartementet valt å innleie forhandlingar med Trondheim, Kristiansand og Drammen. 

-  Desse tre byområda skil seg positivt ut. Trondheim og Kristiansand ønskjer å inngå forpliktande avtaler som vil bidra til ein reduksjon i biltrafikken i høve til dagens nivå, og vil forplikta seg til å setje i verk særleg effektive verkemiddel. Drammens-regionen har kome noko kortare og vil difor ikkje kunne få like god utteljing. Eg vil likevel gje ros til Buskerud og Drammens-regionen som har teke eit svært løfterikt initiativ der ei sterk involvering av fleire kommunar vil kunne gje ei heilt anna og meir miljøvenleg utvikling i åra framover, noko som gjer at vi og vil forhandla med denne regionen. Eg håpar vi skal klare å forhandle fram gode og forpliktande avtalar med dei tre byområda. Det er avsett inntil 161,7 millionar til desse forhandlingane, seier samferdselsministeren.

I dei komande forhandlingane med Trondheim, Kristiansand og Drammen vil Samferdselsdepartementet, i tråd med Klimaforliket, særleg leggje vekt på konkrete vedtak om restriktive tiltak. Det vil òg bli lagt vekt på  strategiar som kan gi ei vesentleg betre arealutvikling. Byane må nytte tiltak som reduserer biltrafikken og samtidig styrkjer kollektivtrafikken. Det er opp til lokale styresmakter sjølv å fastsetje innretting av tiltaka. 

Samferdselsdepartementet tek sikte på å starte forhandlingane med Trondheim, Kristiansand og Drammen rett etter påske.

For perioden frå og med 2004 til og med 2009 er til saman 977,3 millionar kroner tildelt frå Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda.


For meir informasjon – ta kontakt via

Informasjonssjef Ivar Torvik
Telefon: 22 24 81 08
Mobil: 905 10 886
E-post: ivar.torvik@sd.dep.no