Historisk arkiv

Framskunding av samferdselsprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Samferdselsdepartementet har gått gjennom 2009-budsjettet, for å sjå om nokre prosjekt kan setjast i gang tidlegare enn det som hittil er føresett. Vi legg no opp til å framskunde fleire prosjekt, med sikte på å auke aktiviteten så raskt som mogeleg, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Samferdselsbudsjettet som alt er vedteke for 2009 er svært offensivt og legg grunnlag for ein vesentleg  auke i aktiviteten. Samferdselsdepartementet har gått gjennom dei prosjekta som ligg i 2009-budsjettet, for å sjå om nokre prosjekt kan setjast i gang tidlegare enn det som hittil er føresett. Vi legg no opp til å framskunde fleire prosjekt, med sikte på å auke aktiviteten så raskt som mogeleg.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag har hatt eit møte med representantar for Byggenæringens Landsforening og Maskinentreprenørenes Forbund. 

- Eg er uroa over den nedgangen ein no ser innanfor byggje- og anleggsbransjen. For å få best mogeleg innsikt i dei utfordringane bransjen står framfor når det gjeld mellom anna ledig kapasitet og prisutvikling, er det viktig å ha god kontakt med næringa. Regjeringa er oppteken av å få til ei tiltakspakke som er treffsikker og stimulerer til auka aktivitet over heile landet, seier Navarsete.

Som døme på tiltak som no vert framskunda kan nemnast:

• E18 Sky – Langangen (Vestfold og Telemark)

• E6 Majavatn (Nordland)

• E6 Jansnes – Halselv (Finnmark)

I tillegg kan det etter kvart også bli aktuelt å framskunde ein del andre prosjekt som er inne i 2009-budsjettet.

Kortare anbodsfristar

- Vi er kjent med at EU aksepterer at det kan vere kortare anbodsfrist for prosjekt som er omfatta av krisetiltak i 2009 og 2010. Slike kortare anbodsfristar vil også gjelde for samferdselssektoren, slik at spaden dermed kan setjast raskare i marka.  Dette kan redusere tida for å kome i gang med prosjekt med nærmare to månader. Fornyings- og administrasjonsdepartementet arbeider no med denne saka, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. 

- Nedgangen i økonomien er krevjande å handtere. Ei rekkje tiltak er alt sette i gang for å møte finanskrisa, og fleire tiltak vil kome. Desse tiltaka gjer det mogeleg å framskunde og få løyst viktige oppgåver i samferdselssektoren, seier samferdselsministeren.