Jernbanepassasjerane får styrkt rettane sine
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 54/09 | Dato: 03.04.2009
Regjeringa gjer framlegg om endringar i jernbanelova, jernbaneansvarslova og COTIF-lova, slik at EU-forordninga om jernbanepassasjerane sine rettar kan bli ein del av norsk rett. Framlegget inneheld også reglar for å gjennomføre lokomotivførardirektivet.
Regjeringa gjer framlegg om endringar i jernbanelova, jernbaneansvarslova og COTIF-lova, slik at EU-forordninga om jernbanepassasjerane sine rettar kan bli ein del av norsk rett. Framlegget inneheld også reglar for å gjennomføre lokomotivførardirektivet. Framlegget til lovendringar vart lagt fram i statsråd i dag.
Føremålet med EU-forordninga er å gje alle togpassasjerar i EØS-området dei same minimumsrettane. Forordninga inneheld krav til mellom anna informasjon om kjøp av billettar, erstatning ved forseinkingar, assistanse til funksjonshemma og krav om oppretting av klageordningar.
I Noreg har ein alt – på fleire område – innført ordningar som går lenger enn minstekrava i EU-forordninga. Dette gjeld mellom anna erstatning ved forseinkingar.
EU-direktivet om sertifisering av lokførarar inneber ei harmonisering av dei nasjonale ordningane for sertifisering av lokførarar. Føremålet er å gjere det enklare å bruke lokførarar på tvers av landegrensene, samstundes som ein sikrar tryggleiken.