Klart for oppstart av Vossapakko
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 52/09 | Dato: 03.04.2009
- Arbeidet med utbygginga av vegprosjekta i Vossapakko vil kome i gang i haust. For folk og næringsliv i området og for den viktige gjennomgangstrafikken vil utbygginga bety veg med høgare standard og betre trafikk- og miljøforhold, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Arbeidet med utbygginga av vegprosjekta i Vossapakko vil kome i gang i haust. For folk og næringsliv i området og for den viktige gjennomgangstrafikken vil utbygginga bety veg med høgare standard og betre trafikk- og miljøforhold. På fleire strekningar blir det rassikring og bygging av nye gang- og sykkelvegar. For folk i Voss og Granvin vil utbygginga bety mykje for å betre miljøet og redusere støyplager.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om delvis bompengefinansiering av Vossapakko.
Vossapakka omfattar fleire prosjekt på riksveg 13 og E16 i kommunane Granvin, Voss og Vaksdal i Hordaland, og har samla kostnader på 1 130 millionar 2009-kroner.
I tråd med vedtak på lokalt hald skal gjennomføringa av Vossapakko finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar. Opplegget for bompengjeinnkrevjing omfattar ein bomstasjon på riksveg 13 nær kommunegrensa mellom Granvin og Voss og ein bomstasjon på E16 nær kommunegrensa mellom Voss og Vaksdal.
Desse fire prosjekta inngår i Vossapakko:
• Prosjektet riksveg 13 Voss grense – Øvre Granvin i Granvin kommune, som omfattar bygging av 6,5 kilometer ny veg, medrekna 3,5 kilometer i tunnel. Eksisterande riksveg 13 vil bli frigjort til lokalveg og til gang- og sykkelveg. Bygging av ein rasteplass inngår i prosjektet. Dagens veg har svært dårleg standard, er smal og svingete og har stor stigning, dårleg bereevne og dårlege forhold for gåande og syklande. I den vedtekne reguleringsavtalen er det lagt inn ein miljøtunnel på 0,4 kilometer ved Øvre Vassenden. Det ligg no også føre planar om å erstatte denne miljøtunnelen med ein lengre tunnel som sikrar mot ras aust for Øvre Vassenden.
Samferdselsdepartementet tilrår at Vossapakko blir lagt fram slik ho er vedteken lokalt, med miljøtunnelen ved Øvre Vassenden. Dersom det etter vidare planlegging blir lokal tilslutning til å erstatte miljøtunnelen med ein lengre tunnel, må dette handsamast som ei eiga sak. Samferdselsdepartementet vil eventuelt komme tilbake til Stortinget med dette.
• Prosjektet riksveg 13 Mønshaug – Palmafoss i Voss kommune har ei samla lengd på 3,5 kilometer og omfattar ny veg med auka standard, ombygging av kryss og busslommer.
• Prosjektet ”E16 utanom Voss sentrum” omfattar bygging av ny 3,4 kilometer ny veg nord for Voss sentrum, medrekna om lag 2,4 kilometer lang tunnel frå Svartnakken ved Gjerde bruk i vest til Lundarosen og kryss med riksveg 13 i aust. I tillegg inngår utbetring av eksisterande E16 på ei om lag ein kilometer lang strekning. Ved begge endar av tunnelen er det kryss planlagt som rundkøyringar. Prosjektet vil avlaste Voss sentrum for gjennomgåande trafikk, der særleg tunge køyretøy og nattleg trafikk fører til miljøulemper. Det er elles sett av midlar til miljømessig opprusting av E16 i Voss sentrum.
• På E16 i Vaksdal kommune er det sett av midlar til ombygging av kryss ved Stanghelle.
Det er lagt opp til anleggstart på dei to prosjekta på riksveg 13 i løpet av hausten 2009 og så tidleg som råd i 2010 når det gjeld prosjektet E16 utanom Voss sentrum. For utbygginga på E16 er det venta at arbeidet skal vere ferdig i 2013. Noko restarbeid kan stå att til 2014, til dømes opprusting av eksisterande E16 i Voss sentrum. Bygging av ein rassikringstunnel ved Vassenden i Granvin vil bli gjennomført i perioden 2014 -2019.
Det ligg føre godkjente reguleringsplanar for alle prosjekta i Vossapakko, slik pakka no er lagd fram.