Kostnadsauke på riksveg 283 Øvre sund bru i Drammen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 27/09 | Dato: 06.03.2009
Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at vegprosjektet riksveg 283 Øvre Sund bru i Drammen, blir gjennomført basert på nytt og auka kostnadsoverslag. Arbeidet med brua vil dermed kunne kome i gang i mars/april i år, slik at prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2011.

Det har vore gjennomført tilbodsrunde for prosjektet i to omgangar. Kostnadsauken er 15 prosent i forhold til det som tidlegare er lagt til grunn i statsbudsjettet for 2009. Vegdirektoratet si vurdering er at det ikkje er sannsynleg at ein vil oppnå auka konkurranse og redusert kostnad gjennom ein ny tilbodsrunde, går det fram av forslaget.
Fylkestinget i Buskerud er orientert om kostnadsauken, og har gått inn for at prosjektet blir gjennomført.
Sjå også: