Oppstart for E6 Øyer – Tretten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 55/09 | Dato: 03.04.2009
- Arbeidet med utbygging av E6 Øyer –Tretten i Gudbrandsdalen vil komme i gang i haust. Dette er eit viktig prosjekt for folk og næringsliv i regionen. Samstundes betyr dette mykje for gjennomgangstrafikken på ein av landets viktigaste stamvegar, og er dermed eit viktig prosjekt for vegsambandet nord-sør i dette landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Prosjektet har ei lengd på om lag 13 kilometer og utgjer første etappe i ei utbygging av E6 nordover frå Lillehammer. Denne utbygginga vil gje ein trygg E6 frå Lillehammer til Tretten med samanhengjande gang- og sykkelveg på heile strekninga. Prosjektet vil korte inn E 6 med om lag to kilometer.
I høve til det som er lagt til grunn i tidlegare planar er prosjekta utvida med utbetring av vegen og bygging av midtrekkverk på den om lag 3,5 kilometer lange strekninga frå Øyer (Granrudmoen) til Tingberg.
Dei totale kostnadane ved prosjektet er berekna å bli 880 millionar kroner og er fordelt med 777 millionar kroner på E6, 94 millionar kroner på riksveg 254 og 9 millionar kroner til bygging av bomstasjonar.
Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2009 og opning for trafikk hausten 2012.