Historisk arkiv

Oslopakke 3:

Låneopptak sikrar framdrift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Med dette låneopptaket sikrar vi at veg- og kollektivprosjekta som alt er sette i gang innanfor Oslopakke 3, kan førast vidare i 2010. I tillegg held vi fast ved at minst 25 prosent av dei årlege bompengeinntektene skal nyttast til å finansiera drift og mindre vedlikehaldsinvesteringar i kollektivtrafikken.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om at Fjellinjen AS i 2010 skal få løyve til å ta opp eit lån på inntil 1,1 milliardar kroner.    

Framlegget om låneopptak kjem mellom anna som følgje av redusert inntektsgrunnlag i bomringen i 2010 og økonomiske bindingar som gjeld prosjekt som alt er under bygging.

I framlegget frå regjeringa vert det vist til at Samferdselsdepartementet på nyåret vil leggja fram ei eiga sak for Stortinget om hovudinnretninga i handlingsprogrammet for Oslopakke 3 for perioden 2010-2013.

Framlegget er i tråd med lokale ønske og vedtak i Oslo og Akershus.

For fleire opplysningar – sjå:

• Prop. 53 S (2009-2010) Låneopptak til Oslopakke 3 i 2010