Statsbudsjettet 2010
Gode post- og teletenester sikrar busetnad og næringsliv i heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 128/09 | Dato: 13.10.2009
- For å sikre at vi framleis har seks dagars posttenester av høg kvalitet over heile landet, går vi no inn med eit statleg kjøp av posttenester, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. I budsjettet for 2010 føreslår regjeringa 497 millionar kroner til statleg kjøp av post- og banktenester.
- For å sikre at vi framleis har seks dagars posttenester av høg kvalitet over heile landet, går vi no inn med eit statleg kjøp av posttenester, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. I budsjettet for 2010 føreslår regjeringa 497 millionar kroner til statleg kjøp av post- og banktenester.
Løyvinga utgjer nær heile auken på 246 prosent til post- og telekommunikasjon i budsjettframlegget for 2010. Løyvinga er i alt på 711 millionar kroner.
- Posten er pålagt å levere post- og banktenester som dels kan vere bedriftsøkonomisk ulønsame. I fleire år har det ikkje vore løyvd midlar til statleg kjøp av desse tenestene, fordi ein har lagt til grunn at inntektene frå dei lønsame delane av Posten skal dekkje desse. Dei økonomiske utfordringane Posten no står framfor gjer at vi finn det naudsynt å gå inn med statlege midlar for å sikre eit godt og likeverdig posttilbod for folk og næringsliv i heile landet, seier samferdselsministeren.
I statsbudsjettet for 2009 var det opphavleg ikkje sett av midlar til statleg kjøp av post- og banktenester, men seinare blei det løyvd 518 millionar kroner over revidert nasjonalbudsjett 2009.
Finanskrisa og konjunkturomslaget har påverka drifta til Posten, og det er venta ytterlegare prispress og nedgang i volum innan dei tradisjonelle posttenestene.
På grunn av den økonomiske situasjonen i Posten føreslår regjeringa også at staten ikkje skal krevje utbyte frå konsernet i 2010.
Nær 214 millionar kroner til Post- og teletilsynet
Den føreslåtte løyvinga på nær 214 millionar kroner til Post- og teletilsynet ligg 4,2 prosent høgare enn i saldert budsjett for 2009.
Post- og teletilsynet kontrollerer mellom anna at konkurransetilhøva i marknadene for elektronisk kommunikasjon fungerer etter føremåla. På postområdet fører Post- og teletilsynet tilsyn med at Posten oppfyller konsesjonskrava, mellom anna når det gjeld framsendingskvalitet.
I 2010 skal Post- og teletilsynet mellom anna nytte auken i driftsmidlar til å utvikle ein mastedatabase som vil gje oversyn over radiosendarar, i første rekkje mobilbasestasjonar.