Statsbudsjettet 2010
Rekordstore løyvingar til veg og bane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 121/09 | Dato: 13.10.2009
Forslaget til statsbudsjett for 2010 inneber eit nytt stort løft i satsinga på samferdsel. Budsjettforslaget for 2010 er på 27 milliardar kroner – ein vekst på 21 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2009. Satsinga på veg og bane er på eit historisk høgt nivå.
Forslaget til statsbudsjett for 2010 inneber eit nytt stort løft i satsinga på samferdsel. Budsjettforslaget for 2010 er på 27,1 milliardar kroner – ein samla vekst på omlag 4,7 milliardar kroner eller 21,2 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2009. Satsinga på veg og bane er på eit historisk høgt nivå.
- Med dette tek regjeringa eit nytt stort løft for veg- og jernbanenettet i landet. Innsatsen vil betre framkoma for folk og næringsliv, redusere talet på drepne og hardt skadde i transportsektoren og leggje til rette for at fleire kan reise kollektivt, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa la i Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP) fram ein offensiv strategi for transportsystemet i landet.
- Med dette budsjettet held regjeringa fram den sterke opptrappinga på samferdsel vi har sett sidan regjeringa tok over i 2005. Vi har auka løyvingsnivået med vel 9 milliardar kroner eller 46,3 prosent samanlikna med nivået i 2005 til veg- og baneformål i NTP. Budsjettforslaget har sterk vekt på klima- og miljøtiltak og har ein tydeleg distriktsprofil. Vi legg til rette for at folk og næringsliv i heile landet skal få eit endå betre tilbod når det gjeld veg, jernbane, ferjer, kollektivtransport, fly, post- og teletenester, seier Navarsete.
Veg: 34 prosent vekst i veginvesteringane
Til veg er det føreslått drygt 14 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,64 milliardar kroner eller vel 23 prosent frå saldert budsjett for 2009. Talet er korrigert for at ein stor del av riksvegnettet blir overført til fylkeskommunane frå 1. januar neste år.
I alt 6,5 milliardar kroner er føreslått til veginvesteringar. Dette er ein auke på 1,67 milliardar kroner eller drygt 34 prosent, samanlikna med 2009.
Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for rassikring, utbygging av E16 over Filefjell, utbygging på E6 vest for Alta og E18-utbygginga i Bjørvika i Oslo.
Større riksvegprosjekt (over 100 millionar kroner) der det er føreslått midlar til prosjektering, førebuande arbeid og anleggsstart:
• E18 Sydhavna (i Oslo)
• E18 Melleby – Momarken (i Østfold)
• Rv 2 Kongsvinger – Slomarka (i Hedmark)
• E18 Gulli – Langåker (i Vestfold)
• E39 Svegatjørn – Rådal (i Hordaland)
• E16 Smedalsosen - Borlaug (i Sogn og Fjordane)
• E16 Fønhus – Bagn – Bjørgo (i Oppland)
• E6 Sentervegen – Tonstad (i Sør Trøndelag)
• E39 Lavik ferjekai (i Sogn og Fjordane)
• Rv 3 Åsta bru med tilknytingsvegar (i Hedmark)
• E6 Harran – Nes bru (i Nord Trøndelag)
• E6 Møllnes - Hjemmeluft (i Finnmark)
Større prosjekt med rassikringsvinst som blir føreslått igangsett i 2010:
• Rv 70 Oppdølsstranda (Møre og Romsdal)
• Rv 80 Løding – Vikan (Nordland)
Rassikring er viktig for å gjere vegane tryggare, og er eit område regjeringa prioriterer høgt. Det er budsjettert med 850 millionar kroner til rassikring i 2010, ein auke på 92 prosent frå 2009. 350 millionar kroner går til riksvegnettet, medan 50 millionar kroner er avsett til fylkesvegnettet.
Det er føreslått 150 millionar kroner til gang- og sykkelvegar innan vegbudsjettet og 65 millionar kroner til kollektivtiltak og tiltak for universell utforming.
Jernbaneføremål: Meir på skinner
Regjeringa ser det som avgjerande å få togtrafikken meir påliteleg, og føreslår å løyve drygt 10 milliardar kroner til jernbaneføremål, ein auke på 1,34 milliardar kroner eller om lag 15 prosent frå 2009. Ei markert satsing på drift og vedlikehald skal gjere at norsk jernbane vil fungere med betre driftsstabilitet alt frå 2010. Eit viktig prosjekt i denne samanheng er Oslo-prosjektet.
- Budsjettet viser at regjeringa fortsetter den kraftige opptrappinga i satsinga på jernbanen. Det er heilt naudsynt med eit vesentleg høgare nivå både på nybygging og vedlikehald over tid for å sikre folk eit påliteleg og godt jernbanetilbod, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Samla forslag til investeringar i jernbaneinfrastrukturen er på 3,9 milliardar kroner, ein auke på 22,5 prosent.
Regjeringa vil prioritere rasjonell framdrift og gjennomføring av oppstarta prosjekt som dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger, nytt dobbeltspor Lysaker-Sandvika, nytt dobbeltspor mellom Barkåker og Tønsberg, Gevingåsen tunnel, ferdigstilling av dobbeltspor mellom Bergen stasjon og Fløen og fjernstyringsprosjektet Mosjøen - Bodø. Det er også sett av midlar til planlegging av mellom av anna nytt dobbeltspor Oslo-Ski.
Det er foreslått nærare 4,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald, ein auke på 15,5 prosent samanlikna med 2009. Dette betyr full oppfølging av planramma i NTP. Det vert blant anna lagt opp til fornyingstiltak på Dovrebana med 174 millionar kroner og på Bergensbana med 100 millionar kroner.
Til kjøp av persontransport med tog er det foreslått 1,7 milliardar kroner, som er om lag på 2009-nivå. Det betyr at ein grovt sett kan seie at det blir køyrt så mykje tog som infrastrukturen, tilgjengeleg togmateriell og personalressursane gjev rom for i 2010. Dei mange kapasitetsaukande tiltaka – som nye dobbeltspor og kryssingsspor – vil kome næringslivet til gode og gjere det mogleg å overføre endå meir gods frå veg til bane.
Til drifta av Norsk jernbaneskole vert det sett av om lag 32 millionar kroner mellom anna til auke i lokomotivførarutdanning.
- For å møte den sterke veksten i togtrafikken som er planlagd i åra framover, må jernbaneselskapa og Jernbaneverket verkeleg stå på. Det viktigaste bidraget frå vår side er at vi trappar opp innsatsen til utdanninga ytterlegare i budsjettet for 2010, slik at vi mellom anna får utdanna fleire lokomotivførarar, seier samferdselsminister Navarsete.
Trafikktryggleik: Målretta satsing for trafikktryggleik
Regjeringa jobbar vidare mot nullvisjonen om at det ikkje skal vere drepne eller hardt skadde i trafikken, og vil bruke 723 millionar kroner på trafikktryggleik i 2010. Av dette er om lag 713 millionar statlege midlar, ei vidareføring av det høge nivået i 2009.
– For regjeringa er det viktig å forsterke den positive utviklinga i 2009, der talet på drepne og hardt skadde i trafikken ser ut til å gå ned frå 2008, som var eit dårleg år. Talet på drepne i trafikken er halvert sidan 1970, medan biltrafikken er tredobla i same periode. Med regjeringa sin breie innsats for tryggare veg, kjørety og førarar, skal talet på alvorleg skadde og døde i trafikken ytterlegare ned, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa prioriterer tiltak mot møte- og utforkøyringsulukker, utbetring av kryss og kurver og ulike tiltak for å gjere vegtrafikken tryggare i sentrumsområde. Satsinga for å redusere omfanget av fartsrelaterte ulukker blir også vidareført.
Det er lagt opp til å fullføre, starte opp eller vidareføre arbeid på i alt 35 kilometer midtrekkverk på to- og trefelts riksveg i 2010. Dessutan får 30 kilometer riksveg i løpet av 2010 sterkare midtoppmerking i form av oppmerka sperreområde, midtmarkering eller riller.
Luftfartsføremål: Ekstra støtte til utviklinga av flyplassane
I budsjettframlegget er det føreslått nærare 942 millionar kroner til luftfartsføremål, ein auke på 24,5 prosent samanlikna med 2009. Veksten heng saman med auka tilskot til regionale lufthamner og kjøp av flytransport.
Samanlikna med saldert budsjett for 2009 er tilskotet til regionale lufthamner føreslått mangedobla, frå 13,5 millionar kroner til nær 88 millionar kroner. 50 millionar kroner av dette er eingongs investeringstilskot til dei regionale lufthamnene for å møte dei store investerings- og finansieringsutfordringane Avinor står overfor dei næraste åra.
- Regjeringa legg også opp til at det i 2010 blir avdragsfritak på statslånet Avinor har, og vi vil heller ikkje ta utbyte frå Avinor i 2010. Dette skal – saman med det direkte tilskotet – bidra til at Avinor kan gjennomføre naudsynte tryggleiksinvesteringar, seier samferdselsministeren.
Post og telekommunikasjon: Statleg kjøp av ulønsame posttenester
Til post og telekommunikasjon føreslår regjeringa nær 711 millionar kroner i 2010. Auken frå 2009 kjem i hovudsak av ei løyving på 497 millionar kroner til statleg kjøp av ulønsame post- og banktenester Staten har pålagt Posten å levere.
- Dei siste åra har det ikkje blitt løyvd midlar til statleg kjøp av desse tenestene, fordi inntektene frå andre deler av verksemda til Posten har dekka opp for desse. Finanskrisa og konjunkturomslaget har påverka Posten, i tillegg til prispress og nedgang i volum i dei tradisjonelle posttenestene. Desse økonomiske utfordringane gjer det no naudsynt å løyve midlar for å sikre at vi framleis skal ha rimelige, likeverdige og gode posttenester over heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Fraktutjamning for drivstoff - skal gi reduserte prisskilnader
Regjeringa føreslår 20 millionar kroner til ei ny tilskotsordning som skal redusere skilnadene i drivstoffprisar mellom distrikta og meir sentrale strok. Ordninga skal dekkje meirkostnader til frakt av drivstoff (bensin og autodiesel) til forhandlarar i det distriktspolitiske verkeområdet.
- Dette har vore ei viktig sak for meg. Vi kan ikkje akseptere at folk som bur der det er få alternativ til bilen, må betale langt meir for drivstoff enn folk i sentrale delar av landet. Eg er svært glad for at vi no får gjeninnført ei fraktutjamningsordning for å redusere skilnadene i drivstoffprisar. Dette vil bidra til å jamne ut skilnadane mellom by og land og redusere næringslivet sine transportkostnadar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Kollektivtransport og andre miljøtiltak: Brei satsing
Til kollektivtiltak er det for 2010 føreslått drygt 12 milliardar kroner i statlege løyvingar, ein oppgang på 13,5 prosent frå 2009. Av dette utgjer jernbanesatsinga 10 milliardar. Det blir kjøpt flyrutetenester for 629 millionar kroner, riksfergetenester for 436 millionar kroner og sjøtransporttenester (Hurtigruten) for 298 millionar kroner.
- Potensialet for å få ned klimagassutslippa frå transportsektoren er størst i byane, der både bilbruken og befolkningsveksten er størst. Tiltaka i dette budsjettet skal bidra til å nå regjeringas klimamål, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Andre føreslåtte løyvingar:
• ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane”: 333 millionar kroner
• Gang- og sykkelvegar: 250 millionar kroner – går i hovudsak til å vidareføre allereie oppstarta tiltak knytt til skulevegar
• Tiltak på stasjonar og knutepunkt på jernbanenettet, mellom anna til tilgjengelegheit og publikumsinformasjon: 278 millionar kroner, ein auke på 142 prosent
• ”Vegmidlar” til kollektivtrafikktiltak og universell utforming: 145 millionar kroner
• Tilskotsordninga for kollektivtilgjengelegheitstiltak: 57 millionar kroner
• Miljø- og servicetiltak langs eksisterande veg: 62 millionar kroner
• Miljøprosjektet Transnova: nær 52 millionar kroner
• ”Kollektivtransport i distrikta”: 22 millionar kroner
• Forsøksprosjekt med samordning av bestillingstransport og tilrettelagt transport(TT-transport): 13 millionar kroner, ein auke på 28 prosent
• Ytterlegare CO2-differensiering av eingongsavgifta for nye bilar, ny CO2-differensiering av eingongsavgifta for drosjer
• Vidareføring av den gunstige firmaskattlegginga for elbil frå 2009 på 50 prosent
Forsking og utvikling: Eit løft for grøn forsking
Regjeringa held fram satsinga på forsking og utvikling og føreslår å auke løyvingane over samferdselsbudsjettet med drygt 10 prosent til nær 263 millionar kroner i 2010.
- Vi vil styrkje løyvingane til transportforsking for å utvikle smartare og grønare transportløysingar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Også innan transporttryggleik og vidareutvikling av elektronisk kommunikasjon aukar regjeringa forskingspotten.