Stortingsmelding om Avinor AS:
Tiltakspakke skal sikre investeringar på lufthamnene
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 88/09 | Dato: 19.06.2009
- Avinor vil møte store utfordringar, hovudsakleg som følgje av den internasjonale finanskrisa som har råka flybransjen hardt. For å sikre at selskapet kan ha eit godt tenestetilbod ved alle lufthamnene sine, føreslår regjeringa ei tiltakspakke på om lag 900 millionar kroner, seier samferdselsminister Navarsete.
- Avinor vil møte store utfordringar, hovudsakleg som følgje av den internasjonale finanskrisa som har råka flybransjen hardt. For å sikre at selskapet kan ha eit godt tenestetilbod ved alle lufthamnene sine, føreslår regjeringa ei tiltakspakke på om lag 900 millionar kroner. Avinor har tidlegare varsla at tryggleiksinvesteringar på fem lufthamner mellombels må utsetjast. Tiltakspakka skal medverke til at desse investeringane kan gjennomførast.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at stortingsmeldinga om verksemda i Avinor blei lagt fram i statsråd i dag.
Stortingsmeldinga om verksemda i Avinor dannar grunnlag for staten si eigarstyring av selskapet. Formålet med meldinga er å orientere Stortinget om utviklinga i selskapet, og å ta for seg hovudutfordringar, planar og strategiar for Avinor i dei neste åra.
Avinor skal leggje forholda til rette for ein sikker, miljøvennleg og effektiv luftfart i alle delar av landet. Avinor har ansvar for å planleggje, byggje ut og drive eit samla lufthamnnett, med 46 statlege lufthamner rundt om i Noreg. Ordninga med at Avinor finansierer dei bedriftsøkonomiske ulønsame lufthamnene med overskot frå dei lønsame lufthamnene, skal halde fram. Avinor leverer òg flysikringstenester til sivil og militær luftfart, det vil seie kontrolltårn på lufthamnene, kontrollsentralar og teknisk utstyr for flynavigasjon.
Dei komande åra vil styresmaktene sjå til at Avinor følgjer opp krava til den nye diskriminerings- og tilkomstlova. Samferdselsdepartementet vil òg setje i gang ein prosess for å vurdere om lovgjevinga på luftfartsområdet kjem krava i denne lova i møte.
- Samferdselsdepartementet meiner at Avinor skal styrkje arbeidet for å vidareutvikle reiselivet i Noreg. Dette er ei viktig næring, særlig i distrikta, og ei styrking av reiselivet vil medverke både til regional utvikling og til å gje inntekter til landet. Avinor skal óg halde fram med å fremje tiltak som kan bremse veksten i klimagassutslepp frå luftfarten. Dessutan skal selskapet halde fram med å medverke til å auke kollektivdelen i transporten til og frå lufthamnene , seier samferdselsministeren.
Tiltakspakke skal sikre investeringar
Avinor står overfor store investerings- og finansieringsutfordringar i dei neste åra. Den internasjonale finanskrisa har gjort desse utfordringane enda større. Avinor har varsla om at selskapet mellombels vil utsetje utbetringar på fem lufthamner: Bergen/Flesland, Sandane/Anda, Kristiansund/Kvernberget, Røst og Tromsø/Langnes.
I samband med eigarmeldinga legg Samferdselsdepartementet fram ei tiltakspakke for Avinor på til saman om lag 900 millionar kroner for 2009. Tiltaket skal medverke til at Avinor likevel kan gjennomføre dei investeringane som selskapet har varsla utsetjing for. Tiltakspakka har følgjande innhald:
- Regjeringa har i dag lagt fram ein proposisjon med forslag om eit ekstraordinært tilskot til Avinor på 150 millionar kroner i 2009. Tilskotet er knytt til gjennomføring av særskilde tryggleikstiltak ved lufthamnene.
- Det blir ikkje teke ut utbytte frå Avinor i 2009 for rekneskapsåret 2008. Ordinært utbytte i 2009 etter dei utbyttereglane som gjeld i dag, ville ha vore 367,7 millionar kroner.
- Avdragsfritak i 2009 for statslånet som finansierte Gardermoen-utbygginga, tilsvarande 388,8 millionar kroner. Fritaket blei presentert i forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2009.
I tillegg vil Samferdselsdepartementet innføre nye reglar for utbytte frå og med 2010. Desse vil kunne gje om lag 250 millionar kroner mindre i utbytte frå Avinor dei neste fem åra.
- Samferdselsdepartementet legg til grunn at tiltakspakka og den nye utbytepolitikken skal medverke til at Avinor kan gjennomføre naudsynte investeringar innanfor tryggleik, seier samferdselsministeren.
Utviklinga i flytrafikken og økonomien i Avinor er likevel usikker, og Samferdselsdepartementet vil følgje Avinor nøye i tida framover.
Fleire opplysningar:
For meir informasjon kontakt rådgjevar Edvard Andersen