Historisk arkiv

Utgreiing om sjølvstendig vegtilsyn - overlevert samferdselsminister Navarsete

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottok i dag innstillinga frå eit regjeringsoppnemnd utval som har vurdert om det bør opprettast eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastruktur. Fleirtalet i utvalet tilrår at eit slikt tilsyn blir oppretta.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottok i dag innstillinga frå eit regjeringsoppnemnd utval som har vurdert om det bør opprettast eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastruktur. Fleirtalet i utvalet tilrår at eit slikt tilsyn blir oppretta.

- Eg ser at det er argument som talar for å opprette eit slikt tilsyn, men eg ser òg at det framleis er mykje som er uavklart og som me må sjå nærare på. Det viktigaste for meg er tryggleiken på vegane våre, sa Navarsete då ho mottok innstillinga frå leiaren for utvalet, Jorunn Ringstad.

Fleirtalet i utvalet tilrår at det blir oppretta eit systemtilsyn med veginfrastrukturen. Eit mindretal i utvalet peikar på at det er uvisst kva for verknad eit nytt statleg tilsynsorgan vil ha på trafikktryggleiken, og rår til at ressursane heller bør nyttast til ulike tiltak med dokumenterte gode effektar, heiter det i innstillinga.

- Sjølv om vi i Noreg har sterkt fokus på trafikktryggleik og  talet på drepne i trafikken er meir  enn halvert sidan 1970 samstundes som trafikken er tredobla, er det framleis om lag 250 drepne og 1000 skadde på norske vegar kvart år. Regjeringa satsar tungt på trafikktryggleik, blant anna har me i  2009 meir enn dobla potten til trafikktryggleikstiltak frå 2008, me strammar inn på prikkbelastningsordninga slik at unge sjåførar som opptrer umodent i trafikken  raskare vil miste lappen, og me gjennomfører fleire kampanjar mot høg fart. Men tala på trafikkulukker må ned framover. Då må me vere villige til å vurdere nye og store grep, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Innstillinga blir innan kort tid sendt ut på høyring.

Medlemmer i utvalet

• Lærar, tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, leiar, Askvoll
• Avdelingsdirektør Inger- Anne Ravlum, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Oslo
• Seniorrådgjevar May Kristin Ensrud, Justis- og politidepartementet
• Underdirektør Ingun Hagesveen, Samferdselsdepartementet, Oslo
• Assisterande vegdirektør Kjell Bjørvig, Statens vegvesen, Oslo
• Distriktsleiar Bård Morten Johansen, Trygg Trafikk, Trondheim
• Instituttsjef Lasse Fridstrøm, Transportøkonomisk institutt, Oslo
• Fylkesdirektør Hanne V. Søberg, KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (Hedmark fylkeskommune), Løten
• Regiondirektør Per Steinar Jensen, NHO, Nøtterøy
• Distriktssjef Tor Nordstrøm, Byggenæringens landsforening (NCC), Narvik

Seniorrådgjevar Thomas Ruud Sollien, Samferdselsdepartementet, har leia sekretariatet for utvalet.

Sjå også:

• NOU 2009:3 – På sikker veg. Vurdering av eit sjølvstendig organ for tilsyn med veginfrastrukturen

• Pressemelding frå Samferdselsdepartementet 30. november 2007


Billedtekst: Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottek innstilling frå leiraen for utvalet, Jorunn Ringstad. Foto: Samferdselsdepartementet