Historisk arkiv

”Vegpakke Helgeland fase 1”:

Kostar 1460 millionar kroner, utbygging ferdig i 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Utbygginga av riksveg 78 på Helgeland vil føre til tryggare og meir effektiv trafikk mellom Helgelandskysten og Mosjøen og Mo i Rana. Den 11 kilometer lange Toventunnelen er det største delprosjektet. Det blir kortare reiseavstand og reisetid langs ei viktig transportåre til og frå Helgelandskysten, seier samferdselsminister Navarsete.

- Utbygginga av riksveg 78 på Helgeland vil føre til tryggare og meir effektiv trafikk mellom Helgelandskysten og Mosjøen og Mo i Rana. Den 11 kilometer lange Toventunnelen er det største delprosjektet. For næringsliv, arbeids- og fritidsreisande blir det kortare reiseavstand og reisetid langs ei viktig transportåre til og frå Helgelandskysten. Prosjektet vil vere med på å styrkje ein felles bu- og arbeidsmarknad i trekanten Sandnessjøen, Mosjøen og Mo i Rana.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med eit forslag frå regjeringa om utbygging og finansiering av vegprosjektet ”Vegpakke Helgeland fase 1” i Nordland.

Prosjektet omfattar bygging av i alt 35,8 kilometer ny veg, fordelt med 27,4 kilometer på riksveg 78 mellom Holand i Vefsn kommune og Leirosen i Leirfjord kommune og 8,4 kilometer ny veg som bind saman riksveg 78 og E6 mellom Drevja og Ømmervatn i Vefsn kommune. Arbeidet kan ta til vinteren 2010 og vil vere ferdig våren 2014.

I tillegg omfattar prosjektet ei planlagd opprusting av eksisterande riksveg 78 på den 2,7 kilometer lange strekninga mellom Halsøya og Hjartåstunnelen i Vefsn kommune. Dette arbeidet skal etter planen gjennomførast i perioden 2012 – 2013.

Heile prosjektet er planlagd å koste i alt 1460 millionar kroner. I tråd med avklaringar og vedtak på lokalpolitisk hald skal prosjektet finansierast ved ein kombinasjon av løyvingar over statsbudsjettet, fylkeskommunale midlar, bompengar, innsparte tilskott til ferjedrift og statlege kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgivaravgift.

Vegen mellom Holand og Leirosen er foreslått lagt i ein ny trase. Frå Holand vil det bli bygd ny veg på austsida av Drevjadalen til kryss ved Drevja. Det meste av vegen blir lagt i ein 11 kilometer lang tunnel, Toventunnelen. Utbygginga vil korte inn transportavstanden mellom Holand og Leirosen, og dermed mellom Sandnessjøen og Mosjøen, med åtte kilometer.

I tråd med vedtak i Nordland fylkesting er det lagt til grunn at ferjesambandet Hemnesberget – Leirvika skal leggjast ned når ny veg mellom Holand og Leirosen, med samband Drevja – Ømmervatn, opnar for trafikk.

For fleire opplysningar:

Kartskisse: