Universell utforming:
300 000 kroner til oppgradering av kollektivterminal på Voss
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 111/10 | Dato: 15.12.2010
- Å sørgja for at kollektivterminalar oppfyller krava til universell utforming er viktig for at alle reisande skal ha nytte av kollektivtilbodet.
- Å sørgja for at kollektivterminalar oppfyller krava til universell utforming er viktig for at alle reisande skal ha nytte av kollektivtilbodet. Det statlege tilskotet på 300 000 kroner skal bidra til å gjera reisekvaliteten betre for dei kollektivreisande på Voss.
Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet for 2011 har gitt tilsegn om til saman 300 000 kroner frå den statlege tilskotsordninga for betre tilgjenge i kollektivtrafikken til å planleggja oppgradering av kollektivterminalen på Voss. 150 000 kroner er sette av til Voss kommune, og til dette prosjektet får òg Hordaland fylkeskommune 150 000 kroner.
Universell utforming betyr at infrastruktur og transportmiddel skal utformast slik at kollektive transportløysingar i så stor grad som mogeleg kan brukast av alle menneske, i alle aldrar og med ulike føresetnader.
Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til raskare og betre koordinert innsats frå alle aktørar i arbeidet med å betra tilgjenge i kollektivtransporten. Den statlege ordninga delfinansierer kommunale og fylkeskommunale tiltak som støttar opp under den innsatsen som statlege etatar og verksemder gjer for betre tilgjenge for alle reisande - i heile reisekjeda.
Det vert kravd ein lokal eigendel på minst 25 prosent. Vegdirektoratet administrerer ordninga. 42 millionar kroner er sette av til ordninga i 2011.