Historisk arkiv

Ekstra gassferje over Boknafjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa har gjeve grønt lys for ei tredje gassferje til sambandet Mortavika - Arsvågen over Boknafjorden i Rogaland. Det seier samferdselsminiser Magnhild Meltveit Kleppa, som fortel at ferja skal i drift frå slutten av neste år.

- Regjeringa har gjeve grønt lys for ei tredje gassferje til sambandet Mortavika - Arsvågen over Boknafjorden i Rogaland. Det seier samferdselsminiser Magnhild Meltveit Kleppa, som fortel at ferja skal i drift frå slutten av neste år.

- Eg er svært glad for at kontrakten no er klar. Dette er ei gladmelding til alle reisande langs E39. Ei ny ferje vil gjere kvardagen enklare for folk og næringsliv både over Boknafjorden og Bjørnefjorden, seier samferdselsministeren.

Trafikkutviklinga over Boknafjorden har vore langt høgre enn forventa, noko som tidvis har ført til store køar og lange ventetider.  - No vil desse problema løysa seg når det nye fartøyet vert sett i drift, seier samferdselsministeren. 

Etter Vegdirektoratet si vurdering har trafikkutviklinga for sambandet Mortavika – Arsvågen i Rogaland vore vesentleg høgre enn det løyvehavar kunne venta då sambandet vart lyst ut for konkurranse.  I lys av dette har Fjord1 Fylkesbaatane AS og Statens vegvesen, Region vest, vorte samde om ein tilleggsavtale til driftsavtalen for sambandet.  Tilleggsavtalen omhandlar korleis trafikale utfordringar skal løysast, med regulering av årleg tilskot som selskapet mottek for drift av sambandet.  Ekstra tilskot vil verta fastsett på bakgrunn av byggekostnadar og trafikkutvikling. Den nye gassferja skal også vere avløysingsfartøy på sambandet Halhjem - Sandvikvåg i Hordaland.

Kontaktperson

Dag H. Nestegard
Seniorrådgjevar
Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet

Kontor: 22 24 81 52
Mobil: 48 17 02 09