Lovendring: Statens vegvesen kan no fjerna køyrety som hindrar framkome
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 113/10 | Dato: 17.12.2010
Frå i dag kan Statens vegvesen fjerna køyrety som er til hinder for framkome. Berre politiet hadde denne retten tidlegare. – No vert det enklare for vegstyresmaktene å raskt sikra framkome på vegane våre, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Frå i dag kan Statens vegvesen fjerna køyrety som er til hinder for framkome. Berre politiet hadde denne retten tidlegare. – No vert det enklare for vegstyresmaktene å raskt sikra framkome på vegane våre. Dette er viktig, særleg med tanke på vinterføre med snø og glatte vegar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Kongen i statsråd sanksjonerte i dag Stortinget sitt vedtak til lov om endringar i vegtrafikklova. Endringane blir sette i verk straks, og gjev Statens vegvesen retten til å treffe vedtak om fjerning av køyrety på lik linje med politiet.
Utanlandske tunge køyrety er overrepresentert på statistikken over køyrety som treng hjelp eller berging.
For fleire opplysningar – sjå:
• Prop. 9 L (2010–2011) Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.). 10. Heimel for Statens vegvesen til å fjerne og ta i forvaring køyrety som er til hinder for trafikken (29. oktober 2010)