Revidert nasjonalbudsjett 2010
Riksvegnettet: 200 millionar kroner meir til vedlikehald og utbygging
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 43/10 | Dato: 11.05.2010
- Forslaget vil styrkja vedlikehaldet av eit vegdekke som ber preg av ein hard vinter. Vi aukar dessutan løyvingane til planlegging for å setja Statens vegvesen betre i stand til å gjennomføra prosjekta i Nasjonal transportplan, seier samferdselsministeren.
- Forslaget vil styrkja vedlikehaldet av eit vegdekke som ber preg av ein hard vinter. Vi aukar dessutan løyvingane til planlegging for å setja Statens vegvesen betre i stand til å gjennomføra prosjekta i Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Forslaget om 200 millionar kroner i auka løyvingar over statsbudsjettet for 2010 er fordelt slik:
- 70 millionar kroner til vedlikehald av riksvegnettet. Midlane skal nyttast til å hindra at dei lange kuldeperiodane i vinter fører til forverring av tilstanden på vegane.
- 50 millionar kroner til planlegging av vegutbygging. Midlane vil setja Statens vegvesen betre i stand til å gjennomføra prosjekta i Nasjonal transportplan 2010-2019.
- 80 millionar kroner til utbygging av E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
- Midlane til Kvivsvegen vil sikra god framdrift for prosjektet og opning av vegen i 2012, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. I forslaget om tilleggsløyving blir det vist til at framdrifta for ein del av anleggsarbeidet har blitt raskare enn rekna med. Dette har ført til større utbetalingar i 2010 enn føresett i tidlegare vedteke budsjett.