Forsering av Sokna - Ørgenvika i Buskerud
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 50/2010 | Dato: 25.06.2010
Regjeringa går inn for å forsera utbygginga av riksveg 7 mellom Sokna og Ørgenvika i Buskerud. Prosjektet får no oppstart hausten 2011, med planlagt åpning av anlegget i 2014.
Regjeringa går inn for å forsera utbygginga av riksveg 7 mellom Sokna og Ørgenvika i Buskerud. Prosjektet får no oppstart hausten 2011. - Den nye traseen vil redusera avstanden frå Oslo gjennom Hallingdal til Vestlandet med 20 kilometer. Reisetida vil bli redusert med ca 20 minutt. Samtidig får vi ein langt meir trafikksikker veg, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Etter lokalt initiativ legg regjeringa opp til ei forsering av prosjektet med opning hausten 2014.
Prosjektet er omtalt i Nasjonal transportplan 2010- 2019. Her blir det lagt opp til eit delvis bompengefinansiert prosjekt med oppstart i 2010-2013, og fullføring i siste seksårsperiode.
- Dette er eit stort og viktig prosjekt. Eg er glad det no ligg an til at arbeidet kjem i gang allereie neste år, seier Kleppa.
Regjeringa ber Stortinget samtykkje i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevja inn bompengar for utbygging og finansiering etter vilkåra i proposisjonen.
Den nye vegen skal byggjast med 10 meter breidde, unntatt ei strekning på seks kilometer med forbikøyringsfelt som vil gje 15 meter breidde. Heile strekninga skal byggjast med ein meter brei midtmarkering. Det inngår også to tunnelar med lengde 2,8 og 3,8 kilometer samt ein miljøtunnel på 170 meter like nord for Sokna.
Prosjektet, som ligg mellom Hønefoss og Krøderen, har ei kostnadsramma på 1 590 mill. 2009-kroner.
Pressekontakt:
Dag H. Nestegard
Seniorrådgjevar
Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet
Kontor: 22 24 81 52
Mobil: 48 17 02 09