Statsbudsjettet 2011:
Effektiv og trygg luftfart for folk og næringsliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 80/10 | Dato: 05.10.2010
- Regjeringa legg vekt på ein effektiv, trygg og miljøvenleg luftfart for folk og næringsliv over heile landet, seier samferdselsministeren. I statsbudsjettet for 2011 er det budsjettert med om lag 958 millionar kroner til luftfartsføremål.
- Regjeringa legg vekt på ein effektiv, trygg og miljøvenleg luftfart for folk og næringsliv over heile landet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. I statsbudsjettet for 2011 er det budsjettert med om lag 958 millionar kroner til luftfartsføremål.
Dette er om lag på same nivå som i fjor.
Til statleg kjøp av innanlandske flyruter føreslår regjeringa 693 millionar kroner. Det er 10 prosent meir enn i 2010. Omfanget av det statlege flyrutekjøpet – som dekkjer om lag 50 regionale samband – er likevel på same nivå som i 2010. Kostnadsnivået i nye kontraktar for anbodsruter i Nord-Troms og Finnmark spelar inn. Det same gjer kostnadsnivået i anbodskontraktane elles i landet.
- Det regionale flytilbodet og dei regionale lufthamnene er viktige for å oppretthalda sysselsetjing og busetnad i alle delar av landet. Staten kjøper difor tenester på ruter som elles ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame, seier samferdselsministeren.
Avinor
Som følgje av den internasjonale finanskrisa løyvde Stortinget ekstraordinære investeringstilskot til statsaksjeselskapet Avinor AS i 2009 og 2010. Flytrafikken har no tatt seg opp att, og finansmarknadene har normalisert seg. Regjeringa ser ikkje at det er naudsynt med slike særskilte tiltak i 2011 - heller ikkje som følgje av problema med oskeskya som råka luftfartsbransjen i 2010.
Som følgje av den internasjonale finanskrisa, gav staten i 2009 og 2010 Avinor avdragsfritak på lånet som finansierte bygginga av Oslo lufthamn, Gardermoen. I tillegg tok ikkje staten utbyte frå Avinor for dei same to åra. Sidan situasjonen no har stabilisert seg, budsjetterer Samferdselsdepartementet med eit utbyte på 315 millionar kroner og eit avdrag på statslånet på 444 millionar kroner i 2011.
Ikkje-statlege lufthamner
Regjeringa føreslår i underkant av 27 millionar kroner i tilskot til ikkje-regionale lufthamner med rutetrafikk i 2011. Det er ein nedgang på om lag 30 prosent frå 2010. Nedgangen kjem som følgje av at eit eingangstilskot til dei ikkje-statlege lufthamnene Notodden og Skien frå 2010 fell bort. Av dei føreslåtte midlane for 2011 er 12 millionar kroner ei vidareføring av eit statleg driftstilskot for å oppretthalda drifta ved Stord lufthamn, Sørstokken. Dette er ei lufthamn med ein viktig regional transportfunksjon. Dei resterande midlane skal gå til flygeinformasjonstenestene ved ikkje-statlege lufthamner.
Luftfartstilsynet
Tryggleik skal framleis ha høgste prioritet innan luftfarten. I den sivile luftfarten har Luftfartstilsynet hovudansvaret for dette. Regjeringa føreslår i underkant av 180 millionar kroner til drift i 2011. Det er ein auke på nær 7 prosent frå 2010. Denne skal dekkja utgifter ved flytting til nytt bygg i Bodø sommaren 2011. Etaten har dessutan fått nye oppgåver som tilsynsmynde for flygande personell i sivil luftfart.
Statens havarikommisjon for transport
Til Statens havarikommisjon for transport har regjeringa føreslått 59 millionar kroner, ein auke på i underkant av 5 prosent frå 2010. Løyvingsauken kjem i samband med innføring av eit EU-direktiv i 2011 som gjer at havarikommisjonen må styrkja ressursbruken når det gjeld sjøfartsulukker.