Statsbudsjettet 2010:
Effektive miljø- og kollektivtiltak skal bidra til reduserte utslepp
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 81/10 | Dato: 05.10.2010
Regjeringa løyver midlar til fleire typar tiltak som kan bidra til å redusera klimagassutslepp og å auka talet på kollektivreiser. - Bygging av gang- og sykkelvegar, satsing på kollektivtransport i folketette område og innføring av ny køyretøyteknologi er døme på dette, seier samferdselsministeren.
Regjeringa løyver midlar til fleire typar tiltak som kan bidra til å redusera klimagassutslepp og å auka talet på kollektivreiser. - Bygging av gang- og sykkelvegar, satsing på kollektivtransport i folketette område og innføring av ny køyretøyteknologi er døme på dette, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Regjeringa går inn for å redusera klimagassutsleppa frå transportsektoren med mellom 12,5 og 20 prosent fram til 2020, samanlikna med kva utsleppa hadde vore utan tiltak. Dette er i tråd med klimaforliket.
Auka satsing på belønningsordninga
431,1 millionar kroner er avsett til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane”. Dette er ein auke på nær 30 prosent frå 2010.
- Vi hevar innsatsen for å få enda fleire over frå personbil til kollektive løysingar. Akkurat som i 2010 ønskjer vi å auka delen midlar til fireårige avtaler framfor midlar til eittårige avtaler. Fireårige avtalar legg til rette for ei meir langsiktig planlegging, slik at ein kan få satt inn tiltak som gir større effekt, seier samferdselsministeren.
Av dei føreslåtte midlane for 2011 er 240 millionar kroner bundne opp i tre fireårige avtalar. Kristiansands-regionen og Trondheims-regionen vil verta tildelt høvesvis 65 og 105 millionar kroner, i tråd med avtalar frå 2009. Buskerud-byen inngikk avtale med Samferdselsdepartementet i 2010, og vil i 2011 verta tildelt 60 millionar kroner. Departementet er no i drøftingar med Bergen kommune/Hordaland fylkeskommune og Tromsø kommune/Troms fylkeskommune om forhandlingar om fireårig tildeling.
- Byområde som kan visa til gode, restriktive personbiltiltak vert prioritert ved tildeling av midlar, anten tildelingane er for eitt eller fire år, seier samferdselsministeren.
72 millionar kroner til Transnova
Regjeringa føreslår drygt 72 millionar kroner til miljøprosjektet Transnova. Det er ein auke på 42 prosent frå saldert budsjett 2010.
- Transnova skal gjennom støtte til ulike tiltak bidra til raskare innføring av ny og meir miljøvenleg transportteknologi. Prosjekt om alternative drivstoff og elbilar er døme på dette, seier samferdselsminister Kleppa.
Om lag heile den føreslåtte løyvingsauken for 2011 er avsett til eit nytt miljøteknologiprogram. Dette skal etter planen vara frå 2010 til 2013, slik regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett for 2010. Miljøteknologiprogrammet er nærare omtalt i budsjettforslaget til Nærings- og handelsdepartementet.
Tilrettelegging for energi- og miljøeffektive ferjer
Samferdselsdepartementet gir Statens vegvesen i oppdrag å lysa ut ein utviklingskontrakt, der transportselskap og verftsnæringa vert inviterte til å konkurrera om å levera den mest effektive ferja på riksvegsambandet Lavik – Oppedal på E39 i Sogn og Fjordane.
- Dette er eit viktig bidrag for å utvikla miljøvennleg teknologi og for å nå måla i klimapolitikken. I tillegg kan kontrakten ha betyding for verfts- og leverandørindustrien, seier samferdselsministeren.
Ny anbodsperiode for dette sambandet startar 1. januar 2015. Tida fram til dette tidspunktet er naudsynt for å avklara og utvikla konsept, og for å ha tilstrekkeleg med byggjetid for eit nytt fartøy.
Gang- og sykkelprosjekt
Regjeringa set av 330 millionar kroner til tiltak for gåande og syklande langs eksisterande vegar i 2011. Av dette er 230 millionar kroner statlege midlar og 100 millionar kroner bompengar. Den samla løyvinga er ein auke på 32 prosent frå saldert budsjett 2010.
- For å betra framkome og miljø har regjeringa som mål å dobla delen som syklar frå 4 til 8 prosent fram til 2020. Sykling er bra både for helsa og miljøet, seier samferdselsministeren.
Midlane vil i hovudsak verta nytta til å etablera samanhengande sykkelnett i byar og tettstader, og til å byggja ut strekningar knytt til skulevegar.
I tillegg til tiltaka langs eksisterande vegar, vert det bygd gang- og sykkelvegar i samband med nye vegprosjekt. Alt i alt vert 56 kilometer med gang- og sykkelvegar opna for trafikk i 2011.
Andre tiltak langs vegane
Regjeringa set av 195 millionar kroner til kollektivtrafikktiltak og tiltak for universell utforming. Av desse er 125 millionar kroner statleg løyving og 70 millionar kroner bompengar. Midlane skal i hovudsak nyttast til å oppgradera haldeplassar og trafikknutepunkt.
Det er budsjettert med 138 millionar kroner til miljø- og servicetiltak langs eksisterande riksveg. Av dette er 108 millionar kroner statleg løyving og 30 millionar kroner bompengar. Dette er ein auke på 123 prosent frå 2010. Midlane skal gå til mellom anna støyskjermingstiltak, oppfølging av Statens vegvesen sine forpliktingar overfor EUs vassdirektiv og vern av biologisk mangfald.
Lågare utslepp frå bilparken
Etter innføring av ein CO2-komponent i eingongsavgifta i 2007, er det gjennomsnittlege CO2-utsleppet frå nyregistrerte bilar redusert frå 177 gram/km i 2006 til 141 gram/ km i perioden i første halvår 2010. For å stimulera til ytterlegare nedgang blir det frå 2011 lagt auka vekt på CO2-utslepp i eingongsavgifta for personbilar. Alle nivå for CO2-utslepp som avgjer om det vert tillegg eller frådrag avgifta blir redusert med 5 gram CO/km. For å stimulera ytterlegare til kjøp av personbilar med ekstra låge utslepp, blir det innført eit ekstra frådrag i eingongsavgifta for bilar med utslepp under 50 gram CO2/km.
Elbilar vil framleis ha tilgang til kollektivfelt, gratis passering i bomringar, gratis parkering på offentlege parkeringsplassar og gratis frakt med riksvegferjer.
Meir til jernbaneformål
11,5 milliardar kroner går til jernbaneformål, ein auke på drygt 13 prosent frå 2010. I overkant av 9 milliardar kronar er føreslått til drift, vedlikehald og investering i jernbanenettet. Innanfor ramma er 250 millionar avsett til tiltak for å utbetra publikumsretta fasilitetar på stasjonar og knutepunkt, med vekt på tryggleik, kundeinformasjon, universell utforming og tilgjenge for alle. Drygt 2 milliardar kroner utgjer ein statleg stønad som skal bidra til å halda togbillettprisane på eit forbrukarvenleg nivå.
Andre føreslåtte midlar til kollektive og miljøretta transporttiltak
• Om lag 42 millionar kroner går til tiltak i fylkeskommunar og kommunar som skal gjera kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle. Midlane skal gå til ulike typar infrastrukturtiltak, som oppgradering av busshaldeplassar og bussterminalar, bygging av miljøgater og utbetring av uteområde rundt knutepunkt. Det vert kravt ein lokal eigendel på minimum 25 prosent for å få prosjektstøtte. Vegdirektoratet administrerer ordninga.
• Om lag 20 millionar kroner går til ”Kollektivtransport i distrikta”(KID). Ordninga skal bidra til betre kollektivtilbod i distrikta. KID føreset at fylkeskommunane bidrar med ein eigendel på minimum 50 prosent.
• Om lag 15 millionar kroner går til forsøksordninga for samordning av bestillingstransport og tilrettelagd transport (TT-tenesta). Den treårige forsøksordninga vart etablert i 2009. Målet er å gjera det ordinære kollektivtransporttilbodet, inkludert bestillingstransport, meir tilgjengeleg for funksjonshemma. Slik kan ressursar frigjerast og TT-tilbodet styrkjast for dei brukarane som treng det aller mest. Prøveordninga er organisert av fylkeskommunane og vert gjennomført i nært samarbeid med organisasjonane til dei funksjonshemma. Midlane i 2011 skal gå til vidareføring av pågåande prosjekt og evaluering av forsøksordninga.
• Inntil 5 millionar kronar, det same som i 2010, går til arbeidet med å etablera ei nasjonal eining for administrasjon av elektroniske billettsystem og ein reiseplanleggjar. Regjeringa meiner at fleire vil velja kollektivtransport framfor personbil viss reiseinformasjonen vert meir tilgjengeleg og billettsystema enklare å bruka. Det er lagt opp til at fylkeskommunar, transportetatar og transportselskap skal samarbeida om prosjekta.
• 125 millionar kroner frå statlege løyvingar til veg er foreslått til kollektivtrafikktiltak og tiltak for universell utforming. Regjeringa legg i tillegg til grunn 70 millionar kronar i bompengar til desse formåla. Midlane skal i hovudsak nyttast til å oppgradera haldeplassar og trafikknutepunkt. I tillegg er det avsett midlar til mellom anna bygging av kollektivfelt langs riksvegar, hovudsakleg langs innfartsårene til Oslo.
Statlege kjøp av kollektivtransport til havs og i lufta
• Til statleg kjøp av flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsame føreslår regjeringa 693 millionar kronar, ein auke på 10 prosent frå 2010.
• Regjeringa foreslår drygt 446 millionar kroner til drift av riksvegferjer, ein auke på om lag 2 prosent frå 2010.
• Til kjøp av sjøtransporttenester på kystruta Bergen - Kirkenes (”Hurtigruta”) føreslår regjeringa 291 millionar, ein reduksjon på omlag 2 prosent frå 2010.
Fylkeskommunale midlar til kollektivtransport, inkludert løyvingar til skule- og studentrabatt, kjem i tillegg til dei statlege midlane. Fylkeskommunane kan òg nytta ei eiga rentekompensasjonsordning for transportformål til kollektivinvesteringar.
Til drifts- og investeringstiltak for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus er det elles lagt opp til å nytta bompengar frå Oslopakke 3.