Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Nytt løft for samferdsel – 1,5 milliardar kroner meir til drift og vedlikehald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa tek eit nytt stort løft for veg- og jernbanenettet i landet, og satsar særleg på drift og vedlikehald. No stansar vi forfallet på vegane og byrjar arbeidet med å ta att etterslepet på jernbanen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Regjeringa tek eit nytt stort løft for veg- og jernbanenettet i landet, og satsar særleg på drift og vedlikehald. Vi må ta vare på den infrastrukturen vi allereie har, både for å betra trafikktryggleiken og livskvaliteten til folk flest. No stansar vi forfallet på vegane og byrjar arbeidet med å ta att etterslepet på jernbanen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Satsinga på veg og bane er på eit historisk høgt nivå. Forslaget for 2011 er på 29,4 milliardar kroner. Det er ein vekst på 2,8 milliardar kroner eller 10,6 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2010.

Det er då teke omsyn til ei eingongsløyving på 500 millionar i 2010 i samband med overføringa av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane.

Med dette har løyvingane til veg auka med om lag 44 prosent sidan 2005. Talet for Jernbaneverket er på om lag 67 prosent.

Vegføremål: 15,1 milliardar kroner – 60 prosent meir til vedlikehald

- I 2011 blir det eit historisk løft for drift og vedlikehald på vegnettet. Det vil blant anna gi 1000 kilometer med nytt asfaltdekke på riksvegane. Basert på dagens utrekningsmodellar blir veksten i etterslepet i vedlikehaldet stansa. Det blir auke i løyvingane til investeringar, medrekna ein milliard kroner til rassikring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
    
Regjeringa føreslår å løyva nær 15,1 milliardar kroner til vegføremål i 2011.

Dette er ein auke på 11,2 prosent, når ein ser bort frå eingongsløyvinga i samband med overføringa av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane.

Auken er på 6,84 mrd. kr eller 43,9 pst samanlikna med 2005, målt i 2011- kr. Ein har då tatt omsyn til overføringa av vegnett til fylka i samband med forvaltningsreforma.

Drift og vedlikehald
Den føreslåtte løyvinga på 7,2 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er ein  auke på 16 prosent frå 2010. Auken gjer at ein, basert på gjeldande berekningsmodellar, vil stansa veksten i forfallet av vegkapitalen.
 
Til vedlikehald er det føreslått 1,55 milliardar kroner. Dette er ein auke på 60 prosent. Løyvinga fører mellom anna til at det i 2011 kan leggjast om lag 1000 kilometer nytt vegdekke med asfalt. – Dette gjer vi for å møta store behov som følgje av etterslep i vedlikehaldet, kostnadsauke, trafikkauke og nye veganlegg, seier samferdselsminister Kleppa.

Investeringar
- Større investeringsprosjekt blir avslutta og vil bidra til betre framkome og redusert reisetid. I tillegg til start av nye prosjekt er det sett av planmidlar til prosjekt som på lengre sikt vil gi betydeleg betre framkome, seier samferdselsminister Kleppa

I alt 6,92 milliardar  kroner er føreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, ein auke på 444 millionar kroner eller 6,9 prosent samanlikna med saldert budsjett 2010. Dette er medrekna rassikringsmidlar. I tillegg kjem om lag 3,45 milliardar kroner i bompengar som går til investeringstiltak.   

Det er føreslått statlege eller eksterne midlar  til oppstart av desse store prosjekta i 2011, alle med kostnadsoverslag på meir enn 100 millionar kroner:
- E18 Sydhavna i Oslo, avhengig av at det blir gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av kostnadsoverslaget.
- E134 Skjold – Solheim i Rogaland
- Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til framlagt forslag om bompengefinansiering
- E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag
- E105 Storskog – Hesseng i Finnmark

Det er elles føreslått statlege midlar med sikte på mogleg oppstart av fleire andre store prosjekt i 2011. For desse prosjekta er tildeling av midlar og oppstart avhengig av at det blir tilslutnad til føreslått bompengeopplegg:
- E18 Melleby – Momarken i Østfold
- E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal

Ved tilslutnad til bompengeopplegg kan det dessutan vera mogleg med anleggsstart i 2011 på følgjande store prosjekt, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
- Riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark
- E18 Gulli – Langåker i Vestfold
- E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal
- E16 Fønhus – Bagn i Oppland

Rassikring
- Med budsjettforslaget for 2011 følgjer regjeringa opp målet sitt om ein milliard kroner årleg til rassikring i perioden 2010 – 2019, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Til rassikring er det føreslått 1,05 milliardar kroner, ein auke på 23,7 prosent frå 2010. 526 millionar kroner skal gå til rassikringsprosjekt på fylkesvegnettet, medan resten skal nyttast på riksvegar.

- Å bruka pengar på rassikring er god samfunnsøkonomi fordi rassikring reduserer dei ekstra kostnadene som folk og næringsliv har på grunn av ras eller fare for ras. Det viktigaste er likevel at rassikring er med på å hindra at det skjer ulukker. Slik minskar ein uvissa for dei mange som dagleg må køyra på rasutsette vegar, seier samferdselsministeren. 

Rekordløyving til jernbanen

- Frå regjeringa tok over i 2005 har jernbaneløyvingane fått eit skikkeleg løft. Det løftet held fram også i 2011-budsjettet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa føreslår 11,5 milliardar kroner til jernbaneformål for 2011. Dette er ein auke på 13,4 prosent frå saldert budsjett 2010.

Auken frå 2005 er på 3,7 mrd. kr – eller 67,2 pst. – målt i 2011-kr.

- Regjeringa ser det som avgjerande å få togtrafikken meir påliteleg og auka driftsstabiliteten, seier Kleppa.

4,9 milliardar kroner er føreslått til drift og vedlikehald. Dette er ein auke på 12,2 prosent frå saldert budsjett 2010.

Regjeringa føreslår å setja av 557 millionar kroner til langsiktige fornyingstiltak i Oslo-området, det såkalla Osloprosjektet.

Det er føreslått 4,24 milliardar kroner til investeringar, ein auke på 8,9 prosent.

366,3 millionar kroner er avsett til nytt dobbeltspor Oslo – Ski. Løyvinga inkluderer 189 millionar kroner til ombygging av Ski stasjon. 186,3 millionar kroner går til vidare planlegging av Follobanen.

Det er føreslått 2,2 milliardar kroner til statleg kjøp av persontogtenester i 2011. Dette er ein auke på 27 prosent frå saldert budsjett for 2010.

Andre prosjekt – forslag til løyving for 2011

• Lysaker – Sandvika: 310 millionar kroner.
• Dobbeltspor Sandnes – Stavanger: 25 millionar.
• Ganddal godsterminal: 10 millionar kroner.
• Fjernstyring Mosjøen – Bodø: 20 millionar kroner.
• Gevingåsen tunnel, strekninga Trondheim – Steinkjer: 137 millionar kroner.
• Nytt dobbeltspor Barkåker og Tønsberg: 580 millionar kroner.
• Nytt dobbeltspor Holm – Holmestrand – Nykirke: 660 millionar kroner.
• Eidsvoll – Hamar: 325 millionar kroner.
• Nytt signalsystem – ERTMS. I 2011 er om lag 140 millionar kroner føreslått disponert til arbeidet med planlegginga av ERTMS.

- Med dette går regjeringa lengre enn det som er lagt til grunn i NTP-ramma, seier samferdselsminister Kleppa.

Jernbaneverket har avdekt behov for å gjennomføra fleire og meir omfattande infrastrukturtiltak enn tidlegare rekna med. Det er difor nødvendig med gradvis innføring av den nye rutemodellen. Jernbaneverket arbeider no vidare med planlegginga av korleis tiltaka og ruteomlegginga best kan samordnast. Dette er eit komplekst og tidkrevjande arbeid.

- Det tek tid å ta att så mange år med manglande vedlikehald. Sist vinter blei det tydeleg at vedlikehaldsbehovet er større enn ein tidlegare har trudd. Vi må difor prioritera vedlikehald og fornyingsarbeid. Først når infrastrukturen og driftsstabiliteten er betra, vil vi kunna auka trafikken, seier samferdselsminister Kleppa.

Effektiv og trygg luftfart for folk og næringsliv

I statsbudsjettet for 2011 er det budsjettert med om lag 958 millionar kroner til luftfartsføremål. Dette er om lag på same nivå som i fjor.
- Regjeringa legg vekt på effektiv, trygg og miljøvenleg luftfart for folk og næringsliv over heile landet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
 
Til statleg kjøp av innanlandske flyruter føreslår regjeringa 693 millionar kroner, 10 prosent meir enn i 2010. Auken kjem av eit høgare kostnadsnivå.

Regjeringa føreslår i underkant av 180 millionar kroner til drift av Luftfartstilsynet i 2011, ein auke på nær 7 prosent frå 2010. 

Redusert behov for statleg kjøp av post- og banktenester

Til post- og teletenester føreslår regjeringa drygt 553 millionar kroner. Det er ein nedgang på om lag 22 prosent frå 2010. Reduksjonen kjem hovudsakleg av redusert behov for statleg kjøp av leveringspliktige post- og banktenester. 

Førebels resultatanslag for regnskapsåret 2010 tilseier at konsernet vil ha eit negativt resultat etter skatt for 2010. Regjeringa meiner difor at det ikkje vil vera grunnlag for å ta ut utbytte frå Posten Norge AS i 2011. Staten tok heller ikkje ut utbytte i 2009 og 2010.

Til Post- og teletilsynet er det føreslått 208 millionar kroner i 2011, om lag det same som i 2010.

Auka satsing på kollektivtrafikk og andre miljøtiltak skal bidra til reduserte utslepp

431,1 millionar kroner er føreslått til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane”. Det er ein auke på nær 30 prosent frå 2010.

- Byområde som kan visa til gode, restriktive personbiltiltak blir prioritert ved tildeling av midlar, anten tildelingane er for eitt eller fire år, seier samferdselsministeren.

Andre miljøtiltak/tiltak for betre kollektivtransport:
• Miljøprosjektet Transnova: 72 millionar kroner, ein auke på 42 prosent
• Tiltak for gåande og syklande: 230 millionar kroner, ein auke på 50 prosent
• Til kollektivtrafikktiltak og tiltak for universell utforming: 125 millionar kroner frå statlege løyvingar til veg. I tillegg er det lagt til grunn om lag 70 millionar kroner i ekstern finansiering. 
• Til drift av riksvegferjer: Drygt 446 millionar kroner
• Til drift av ”Hurtigruta” (Hurtigruten ASA): 291 millioner kroner
• Til tiltak for å gjera kollektivtransporten meir tilgjengeleg i fylkeskommunar og kommunar: om lag 42 millionar kroner
• Til ”Kollektivtransport i distrikta”(KID): om lag 20 millionar kroner
• Til forsøksordninga for samordning av bestillingstransport og tilrettelagt transport (TT-tenesta): Om lag 15 millionar kroner
• Til arbeidet med å etablera ei nasjonal eining for administrasjon av elektroniske billettsystem og ein reiseplanleggar: inntil 5 millionar kroner
• Elbilar vil framleis ha tilgang til kollektivfelt, til å passera gratis i bomring, parkera gratis på offentlege parkeringsplassar og bli frakta gratis med riksvegferjer. Ekstra frådrag i eingongsavgifta for bilar med utslepp under 50 gram CO2/km.

Fylkeskommunale midlar til kollektivtransport, inkludert løyvingar til skule- og studentrabatt, kjem i tillegg til dei statlege midlane.

Forsking og utvikling: nytt forskingsprogram innan trafikktryggleik

- Vi treng meir kunnskap om korleis vi kan førebyggja ulukker og møta framtidige tryggleiksutfordringar i heile transportsektoren. Eg er glad for at vi har funne midlar til eit nytt forskingsprogram som vil hjelpa oss med dette, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Det nye programmet får namnet TRANSIKK, og er ei vidareføring av RISIT-programmet. Forskarane skal mellom anna arbeida med sikkerheitskultur og teknologi.

Regjeringa føreslår ei samla løyving på 241,1 millionar kroner til samferdselsforsking og utvikling (inkludert Transnova).