Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Rassikring: Vel ein milliard kroner – aukar med nær 24 prosent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Den sterke satsinga på rassikringstiltak i 2011 vil bli følgd opp i tida framover, i tråd med regjeringa sitt mål om ein milliard kroner årleg til rassikring i perioden 2010 – 2019, seier samferdselsministeren i samband med at regjeringa gjer framlegg om å løyva i alt 1,05 milliardar kroner til rassikring.

- Den sterke satsinga på rassikringstiltak i 2011 vil bli følgd opp i tida framover, i tråd med  regjeringa sitt mål om ein milliard kroner årleg til rassikring i perioden 2010 – 2019, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at regjeringa gjer framlegg om å løyva i alt 1,05 milliardar kroner til rassikring. 

 Forslaget til løyving for 2011 er 201,1 millionar kroner eller 23,7 prosent høgare enn for 2010.  Av dei foreslåtte midlane skal 526,3 millionar kroner gå til  rassikringsprosjekt på fylkesvegnettet, medan resten skal nyttast på riksvegar.

- Å bruka pengar på rassikring er god samfunnsøkonomi fordi dette reduserer dei ekstra kostnadene som folk og næringsliv har på grunn av ras eller fare for ras. Det viktigaste er likevel at rassikring er med på å hindra at det skjer ulukker, og dermed minskar uvissa for dei mange som dagleg må køyra på rasutsette vegar til og frå skule og arbeid, seier samferdselsministeren.
 
På riksvegnettet  blir det i 2011 lagt opp til anleggstart på desse større prosjekta med rassikringsgevinst:

• Riksveg 13 Tysdalsvatnet i Rogaland, med føresetnad om lokale vedtak om forskottering
• E10 Solbjørnneset – Hamnøy i Nordland

I tillegg har ein prioritert å vidareføra prosjekt som alt er sette i gang, mellom anna riksveg 13 Øvre Granvin – Voss grense i Hordaland.

Det er elles sett av midlar til mogeleg start av prosjekta E136 Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal og rv 80 Løding – Vikan i Nordland. Tildeling av statlege midlar og oppstart av desse to prosjekta føreset tilslutnad til føreslåtte bompengeopplegg.

Det er også sett av midlar til anleggsstart på rassikringsprosjekta E39 Hjartåberga og rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal i 2011. Samferdselsdepartementet vil koma tilbake til Stortinget så snart det ligg føre endelege avklaringar av kostnadsoverslag for desse to prosjekta.

Midlane til rassikring går elles til fleire mindre tiltak på utsette strekningar og punkt på vegnettet.