Historisk arkiv

Utlysing av konkurranse for kystruta Bergen - Kirkenes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet kunngjer i dag utlysing av anbod for kystruta Bergen - Kirkenes med tilbodsfrist 30. september 2010. - Kystruta har ei viktig samfunnsmessig oppgåve. Eg har som intensjon å oppretthalda dagens tilbod, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, men ikkje for ein kvar pris.

Statsråden understrekar at kystruta er viktig for folk langs kysten:

- Krav til godskapasitet mellom Tromsø og Kirkenes blir det same som i dag.


Utlysinga er for heile EØS-området. Det statlege kjøpet gjeld segling t/r Bergen - Kirkenes, og til 32 mellomliggjande hamner, og vert utlyst i tre alternativ:

• Alternativ 1: Daglege seglingar heile året, til 34 hamner.


• Alternativ 2: Seglingar 5 dagar i veka i 4 vintermånader og daglege seglingar resten av året, til 34 hamner.


• Alternativ 3: Seglingar 5 dagar i veka heile året, til 34 hamner

Kvart alternativ blir lyst ut som ein samla pakke for åtte år, og med oppstart seinast 1. januar 2013. Minimumskrava til passasjer- og køyekapasitet er nedjusterte i høve til eksisterande avtale, som følgje av nedgang i trafikken.  I 2005 var talet på distansepassasjerar om lag 20 prosent høgare enn i 2009. 
Målsetjinga er at kystruta skal vera eit dagleg tilbod året i gjennom. Tilbodet kan likevel ikkje sjåast uavhengig av kostnader.  Av den grunn vert det og utlyst to alternativ med reduserte tilbod. 

 
Utlysinga blir gjort kjent på Doffin og EU-databasen TED.  I tillegg skal kjøpet annonserast på Lloyds List.

Pressekontakt:
Dag H. Nestegard
Kommunikasjonsavdelinga
Samferdselsdepartementet
Kontor: 22 24 81 52
Mobil: 48 17 02 09