Furu utnemnt til underdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 35/11 | Dato: 29.04.2011
Elin Marie Furu, Oslo, er i statsråd dag utnemnt til underdirektør i Samferdselsdepartementet. Ho er 51 år og har embetseksamen i statsvitskap.
Elin Marie Furu, Oslo, er i statsråd dag utnemnt til underdirektør i Samferdselsdepartementet. Ho er 51 år og har embetseksamen i statsvitskap.
Furu blei tilsett i Samferdselsdepartementet i 1986, og har vore seniorrådgjevar sidan juni 2004. Ho er nestleiar i Økonomiseksjonen i departementet, og har ei sentral rolle i arbeidet med statsbudsjettet og statsrekneskapen. Furu har overordna ansvar for tolking av regelverket for offentlege anskaffingar og har viktige oppgåver knytt til bruken av det statlege økonomiregelverket.
Elin Marie Furu er cand.polit. i statsvitskap frå Universitetet i Oslo, der ho blei uteksaminert i 1985.