Historisk arkiv

Nytt vegtilsyn på Voss frå 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Tilsynsoppgåvene til Statens vegvesen skal leggjast til ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit tydeleg organisatorisk og styringsmessig skilje mellom tilsynsverksemda og anna verksemd i etaten.

- Tilsynsoppgåvene til Statens vegvesen skal leggjast til ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit tydeleg organisatorisk og styringsmessig skilje mellom tilsynsverksemda og anna verksemd i etaten. Vegtilsynet skal vera på plass første halvår 2012 og leggjast til Voss, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Vegtilsynet får ved oppstart 5-10 tilsette. Det skal mellom anna føra tilsyn med at staten, fylkeskommunane og kommunane har naudsynte system for å oppfylla fastsette krav til tryggleik.

Opprettinga av vegtilsynet er i tråd med handsaming i Stortinget hausten 2010.


For fleire opplysningar om opprettinga – klikk inn på følgjande dokument på nettsida til Samferdselsdepartementet:

• Brev av 2. mars 2011 frå Samferdsdelsdepartementet til Statens vegvesen.

• Statsbudsjettet for 2011, omtale på sidene 69-71.