Post- og teletilsynet: Torstein Olsen ny direktør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 65/11 | Dato: 17.06.2011
Torstein Olsen er i statsråd i dag tilsett som direktør og leiar for Post- og teletilsynet. Han er 55 år og busett i Oslo. Olsen har frå 1997 vore tilsett i Post- og teletilsynet som avdelingsdirektør.
Torstein Olsen er i statsråd i dag tilsett som direktør og leiar for Post- og teletilsynet. Han er 55 år og busett i Oslo. Olsen har frå 1997 vore tilsett i Post- og teletilsynet som avdelingsdirektør.
Foto: Post- og teletilsynet
Torstein Olsen er utdanna cand. oecon. frå Universitetet i Oslo i 1986, og har arbeidd mellom anna i Olje- og energidepartementet og Kredittforetakenes Forening/Bankforeningen. I Post- og teletilsynet har han leia Posttilsynsavdelinga og Tenestemarknadsavdelinga.
- Med Torstein Olsen har Post- og teletilsynet fått ein svært kompetent direktør som har gode faglege og personlege føresetnader for å leie tilsynet sitt viktige arbeid i post- og telesektoren, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Post- og teletilsynet sitt arbeidsområde omfattar fastsetjing og oppfølging av forskrifter, tilsyn med aktørar på post- og teleområdet, standardisering, tildeling og kontroll med konsesjonar, konkurranseregulering, frekvensforvaltning, autorisasjon av leverandørar og installatørar og internasjonalt arbeid på post- og telesektoren. Tilsynet har sitt hovudkontor i Lillesand i Aust-Agder.