Riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka: 16,5 kilometer firefelts veg ferdig hausten 2014
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 30/11 | Dato: 15.04.2011
- Ny firefelts riksveg 2 på mellom Kongsvinger og Slomarka vil føra til tryggare og meir effektiv trafikk på ei strekning som er viktig både for trafikk over grensa til Sverige og innan Solør- og Glomdalsregionen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Ny firefelts riksveg 2 på mellom Kongsvinger og Slomarka vil føra til tryggare og meir effektiv trafikk på ei strekning som er viktig både for trafikk over grensa til Sverige og innan Solør- og Glomdalsregionen. Anleggsarbeidet på den 16,5 kilometer lange vegen kan ta til i år og vil vera ferdig hausten 2014, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Eit forslag om finansiering og utbygging av riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark blei lagd fram i statsråd i dag.
Frå Kurusand i Kongsvinger skal den nye vegen gå langs fylkesveg 175, og han kryssar så Glomma med ny bru. Gjennom Sør-Odal blir den nye vegen bygd langs noverande riksveg 2 nord for Glomma. I prosjektet inngår dessutan mellom anna tre planskilde kryss og ei omfattande omlegging av fylkesvegar, kommunale vegar og private tilkomstvegar. Vegen skal byggjast som firefelts veg, med breidd på 16,5 meter.
- Sjølv om jordvernomsyn gjer at det er ulike syn lokalt når det gjeld trasévalg, har prosjektet brei lokalpolitisk tilslutning, seier samferdselsministeren.
Prosjektet har ei kostnadsramme på 1816 millionar 2011-kroner. I tråd med tidlegare kommunale og fylkeskommunale vedtak skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.
I forslaget blir det vist til at når utbygginga av strekninga Kongsvinger – Slomarka er ferdig utbygd, vil det stå att å byggja ut den om lag 33 kilometer lange strekninga Slomarka – Herbergåsen – Nybakk i Sør-Odal og Nes kommunar, før det blir firefelts veg på heile riksveg 2-strekninga Kongsvinger i Hedmark – Kløfta i Akershus. Utbygginga av riksveg 2 på strekninga Kløfta – Nybakk var første etappe i utbygginga av riksveg 2 og var ferdig i 2006/2007.
For fleire fleire opplysningar og kartskisse – sjå: