Samferdselsdepartementet: Per-André Torper konstituert som avdelingsdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 123/11 | Dato: 09.12.2011
Underdirektør Per-André Torper er i statsråd i dag konstituert som avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet fram til 31. august 2013.
Underdirektør Per-André Torper er i statsråd i dag konstituert som avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet fram til 31. august 2013.
Per-André Torper skal fylla det ledige vikariatet som avdelingsdirektør etter Anne Brendemoen i Miljøseksjonen i Strategi-, miljø- og administrasjonsavdelinga. Han er tilsett som underdirektør i seksjonen og er i dag nestleiar.
Torper er 50 år og har vore tilsett i Samferdselsdepartementet sidan 1987. Han blei utnemnd til underdirektør i 2006. Torper er cand.polit. med samfunnsøkonomi som hovudfag frå Universitetet i Bergen i 1986. Han har òg arbeidd i Miljøverndepartementet.