Statsbudsjettet 2011: Veg- og jernbanenettet - 225 millionar kroner meir til vedlikehald
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 114/11 | Dato: 18.11.2011
- Flaum, ras, brann og ein hard vinter har i år ført til store skadar på vegar og jernbanenett. I statsråd i dag er det difor foreslått å tilleggsløyva i alt 225 millionar kroner meir til vedlikehald over statsbudsjettet for 2011, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Flaum, ras, brann og ein hard vinter har i år ført til store skadar på vegar og jernbanenett. Dei ekstra kostnadene til utbetring og reparasjon skal ikkje gå ut over andre vedlikehalds- og utbyggingstiltak. I statsråd i dag er det difor foreslått å tilleggsløyva i alt 225 millionar kroner meir til vedlikehald av riksveg- og jernbanenettet over statsbudsjettet for 2011, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Av den føreslåtte auken gjeld 104 millionar kroner utbetringar og reparasjonar på riksvegnettet, medan 121 millionar kroner går til Jernbaneverket.
Riksvegane:104 millionar kroner meir til utbetring – etter flaumskadar
Det foreslåtte beløpet på 104 millionar kroner til riksvegane er fordelt slik:
• 51 millionar kroner til å utbetra og reparera skadane på riksvegar i Hedmark og Oppland etter flaumen i juni i år.
• 53 millionar kroner til å utbetra og reparera skadar på riksvegar etter flaum fleire andre stader i perioden juli – september i år.
Jernbanen: 121 millionar kroner meir til drift og vedlikehald
Løyvingane til drift og vedlikehald på jernbanenettet i 2011 skal aukast med i alt 121 millionar kroner. Auken har mellom anna samanheng med kostnadsvekst som følgje av at det i år har vore meir flaum og ras på jernbanenettet enn det som hittil har vore vanleg. I tillegg kjem kostnader etter brann i snøoverbygget på Hallingskeid på Bergensbanen og auka utgifter til vedlikehald på Gardermobanen.
Den foreslåtte auken er fordelt slik:
• 56 millionar kroner gjeld meirutgifter til å reparera og byggje opp att infrastruktur etter at flaum og ras har ført til store øydeleggingar på Dovrebanen, Rørosbanen, Nordlandsbanen, Bratsbergbanen og Notodden stasjon.
• 40 millionar kroner er betaling i år for utgifter etter brannen i snøoverbygget på Hallingskeid stasjon på Bergensbanen, i juni i år. Snøoverbygget blei totalskadd, og det var elles skadar på annan infrastruktur som skjener, køyreleidningar og kablar. Dei samla kostnadene for å byggja opp at infrastruktur utgjer om lag 65 millionar kroner, der 40 millionar kroner blir betalt i år.
• 25 millionar kroner gjeld auka utgifter til drift og vedlikehald av Gardermobanen. Her har ein i år hatt auka utgifter til vintervedlikehald og på grunn av meir omfattande telehiv og saktekøyringar i vårløysinga.
Auka vegutbygging – meir til planlegging
- Nasjonal transportplan 2010-2019 legg opp til ein vesentleg auke i rammene til riksveginvesteringar. For å sikra framdrift i prosjekta er det nødvendig med meir midlar til planlegging. I statsråd i dag er det difor foreslått å auka budsjettposten ”Riksveginvesteringar” med 50 millionar kroner for 2011, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Fleire opplysningar:
Prop. 32 S (2011-2012) Endringar i statsbudsjett for 2011 under Samferdselsdepartementet