Statsbudsjettet 2012:
Vegtilsynet – tilsyn med infrastrukturen på offentleg veg: 11,2 millionar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 98/11 | Dato: 06.10.2011
- Eit nyoppretta statlege vegtilsyn er på plass i første halvdel av 2012. Regjeringa føreslår å løyva 11,2 millionar kroner til tilsynet i 2012. Vegtilsynet skal føra tilsyn med veginfrastrukturen, ei viktig oppgåve i arbeidet med å gjera vegtrafikken enda tryggare, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Eit nyoppretta statlege vegtilsyn er på plass i første halvdel av 2012. Regjeringa føreslår å løyva 11,2 millionar kroner til tilsynet i 2012. Vegtilsynet skal føra tilsyn med veginfrastrukturen, ei viktig oppgåve i arbeidet med å gjera vegtrafikken enda tryggare, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Samferdselsdepartementet har tidlegare avgjort at Vegtilsynet skal leggjast til Voss.
- Iverksettinga av tilsynet vil skje gradvis. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det i første omgang blir oppretta eit tilsyn med det statlege vegnettet. Det vil vera på plass sommaren 2012. På denne måten kan ein byggja opp ein organisasjon og hausta erfaringar frå tilsyn med statleg vegnett, før ein innfører tilsyn også med fylkesvegar og kommunale vegar, seier samferdselsministeren.
Vegtilsynet vil bli organisert som ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit tydeleg organisatorisk skilje mellom Vegtilsynet og anna verksemd i Statens vegvesen.
Statsbudsjettet 2012 (samferdsel)
Pressemeldingar om statsbudsjettet 2012:
- Nytt løft for samferdsel – aukar med 2,4 milliardar kroner
- 1,2 milliardar kroner meir til vegføremål
- 747 millioner kroner til særskilte trafikksikkerhetstiltak
- Vegtilsynet – tilsyn med infrastrukturen på offentleg veg: 11,2 millionar kroner
- 1 milliard kroner meir til jernbaneformål
- Ny grunnrutemodell: Betre togtilbud i Østlandsområdet
- Sikker, miljøvennlig og effektiv luftfart
- 13,2 milliarder kroner til kollektivtransport i 2012
- Forbedret tilbud til TT-brukere med spesielt store behov
- Fylkesoversikt: Forslag og tiltak i samferdselssektoren