Historisk arkiv

To nye avgangar på Gjøvikbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

NSB Gjøvikbanen endrar frå desember 2011 ruteplanen. Dermed blir to avgangar gjeninnført.

NSB Gjøvikbanen endrar frå desember 2011 ruteplanen. Dermed blir to avgangar gjeninnført.
 
Gjøvikbanen hadde ei tid store materiellutfordringar. Det var difor behov for redusert produksjon, blant anna for å frigje tid til nødvendig vedlikehald. Lengre driftspausar og forbetra tine- og vedlikehaldskapasitet gav raskt resultat. Talet på innstillingar blei halvert vinteren 2010/2011, samanlikna med vinteren før.

- Utviklinga viser at grepa ein har gjort, har vore fornuftige. At vi no kan få fleire avgangar igjen, er svært gledeleg. NSB Gjøvikbanen vil med dette få ein produksjon som langt på veg nærmar seg krava Samferdselsdepartementet har stilt til selskapet i Trafikkavtalen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Dei føreslåtte endringane vil gi tre avgangar frå Nittedal mellom klokka 06.30 og 07.30. Gjøvikbanen har hatt vekst i talet på reisande den siste tida, og kapasiteten er i ferd med å bli fullt utnytta. Løysinga med to nye avgangar vil gi auka kapasitet og frekvens frå Jaren og Nittedal, samstundes som ein sikrar eit framleis robust tilbod.