Historisk arkiv

E16 Fønhus – Bagn: Utbygging ferdig ved årsskiftet 2014/15

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Kostar vel 440 millionar kroner

- Utbygging av E16 mellom Fønhus og Bagn vil føra til tryggare trafikk og betre framkome for både lokaltrafikken og for vegfarande på den viktige E16-ruta mellom Aust- og Vestlandet. Anleggsarbeidet på den om lag 10 kilometer lange strekninga kan ta til i andre halvdel av 2012 og skal vera ferdig ved årsskiftet 2014/2015, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Prosjektet, i Sør-Aurdal kommune i Oppland, er første etappe av den planlagde utbygginga av den 23 kilometer lange E16-strekninga Fønhus  - Bjørgo, i Sør- og Nord-Aurdal kommunar, går det fram av eit forslag som vart lagt fram i statsråd i dag.

Prosjektet omfattar omlegging og utbetring av eksisterande veg til tofelts veg,  med 8,5 meter breidd. På ei rasutsett strekning ved Bergsund skal det byggjast ein om lag 650 meter lang tunnel. Bygging av fleire kryss, bruer, undergangar, oppretting av busslommer og kjettingplass, er òg ein del av prosjektet. I tillegg kjem omlegging av fleire avkjørsler og tømmervelteplassar og gjennomføring av støytiltak.  

Kostnadene for utbygginga er rekna til 444 millionar 2012-kroner. I tråd med lokalpolitiske  vedtak skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.

- Samferdselsdepartementet vil koma tilbake til eit opplegg for vidare utbygging og  finansiering av E16 på strekninga Bagn – Bjørgo når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar. Vi vil arbeida for at utbygginga av heile strekninga E16 Fønhus – Bjørgo skal skje mest mogleg samanhangande, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysningar – sjå:

Prop. 101 S (2011-2012) Finansiering og utbygging av E16 på strekningen Fønhus – Bagn i Sør Aurdal kommune i Oppland 

Kartskisse: