Historisk arkiv

Eit steg nærare ein meir miljøvenleg ferjeflåte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa har som mål å redusera klimautsleppa. Utviklingskontrakten for ferjesambandet E39 Lavik – Oppedal i Sogn og Fjordane er eit viktig tiltak for å nå målet. Fire ferjeselskap blir no inviterte av Statens vegvesen til å konkurrera om utvikling og drift av ei meir energi- og miljøeffektiv ferje på strekninga, opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Norled, Torghatten Trafikkselskap, Fjord 1 Fylkesbaatane og Boreal skal konkurrera om å utvikla ein ferjetype som skal føra til ein meir miljøvenleg ferjeflåte.

Dei fire selskapa har sidan i fjor vore i dialog med Vegdirektoratet om utvikling av energi-  og miljøeffektive løysingar for ferjeflåten.  Dialogen kom i stand etter at Vegdirektoratet i juni i fjor utlyste ein utviklingskonkurranse for drift av ei ny ferje i sambandet E39 Lavik – Oppedal, over Sognefjorden. I utlysinga vart verfts- og reiarlagsnæringa inviterte til å konkurrera om levering av den mest miljø- og energieffektive ferja.

Ved utlysinga i fjor har staten ikkje bunde seg til ein spesiell teknologi. Det gjer at tilbydarane i stor grad står fritt når det gjeld å utvikla eigne løysingar.

- Dei fire tilbydarane har -  i utviklingsfasen -  lagt fram interessante løysingar, som opnar for store framsteg i arbeidet med ei meir miljøvenleg ferjedrift. For verftsnæringa og verksemder som leverer varer og tenester til verftsnæringa, opnar konkurransen for interessante oppgåver og utfordringar på eit felt og i ein internasjonal marknad der det dreier seg om smarte og miljøvenlege løysingar, seier samferdselsministeren. 

Den nye ”miljøferja” fører til at det blir tre ferjer i sambandet Lavik – Oppedal, mot to ferjer i dag. ”Miljøferja” skal ta om lag ein tredel av trafikken.

Inngåing av  kontrakt for drift av ny ferje i sambandet vil skje i juni i år. Kontrakten skal gjelda for ein periode på 10 år.