Framlegg til Nasjonal transportplan 2014-2023:
- Store behov krev auka satsing
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 26/12 | Dato: 29.02.2012
- Regjeringa sitt mål er å fortsetja opptrappinga på veg, bane og kollektivtransport i langt større tempo og omfang enn før 2006, seier samferdselsminister Kleppa i samband med at Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS i dag har lagt fram forslag til Nasjonal transportplan 2014-2023.
- Regjeringa sitt mål er å fortsetja opptrappinga på veg, bane og kollektivtransport i langt større tempo og omfang enn før 2006.
Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS i dag har lagt fram forslag til Nasjonal transportplan 2014-2023.
- Forslaget saman med meir informasjon finn du på nettsidene til fagetatane: www.ntp.dep.no
- Her kan du gi innspill og delta i diskusjonen
- Planforslaget handlar om store prosjekt og tiltak - og om store beløp, same kva for økonomisk ramme regjeringa kjem til å velja. Vi vil ha eit transportsystem som er trygt, miljøvenleg, universelt utforma - og som gir utvikling og vekst i heile landet, seier samferdselsministeren.
Dette er fagetatane sitt forslag. No byrjar den politiske prosessen for alvor. Nasjonal transportplan 2014-2023 skal leggjast fram for Stortinget våren 2013.
Planforslaget går no på høyring til fylkeskommunane og storbyområda, med høyringsfrist 29. juni i år.
- Eg ønskjer ein open prosess og eit friskt ordskifte og oppmodar alle interesserte til å seia si meining, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Meir informasjon:
- Forslaget saman med meir informasjon finn du på nettsidene til fagetatane: www.ntp.dep.no
- Samandrag (pdf)
- Sjå også Samferdselsdepartementets temasider om Nasjonal transportplan (NTP)
Pressevakt: 919 14 777 (08-16)