Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013:

Vegformål:17,8 milliardar kroner – aukar med 1,6 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Eit rekordhøgt samferdselsbudsjett gir rom for sterk vekst i vegløyvingane. Dette betyr tryggare trafikk, betre vegstandard og kortare reisetid for folk og næringsliv, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

– Eit rekordhøgt samferdselsbudsjett gir rom for sterk vekst i vegløyvingane. Dette betyr tryggare trafikk, betre vegstandard og kortare reisetid for folk og næringsliv, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

15 større prosjekt, medrekna to rassikringsprosjekt,  blir ferdige neste år, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner.

Tolv større, nye prosjekt får i 2013 statlege midlar til anleggsstart eller førebuande arbeid. I tillegg er det lagt til grunn bompengar til anleggsstart eller førebuande arbeid på ytterlegare ni nye, større prosjekt. For seks av desse er det teke atterhald om tilslutnad frå Stortinget til eit opplegg med delvis bompengefinansiert utbygging.

- Neste år kan det dermed bli oppstart av om lag 20 nye, større vegprosjekt, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår i alt 17,8 milliardar kroner til vegformål i 2013. (Beløpet er korrigert for ei budsjetteknisk omlegging som gjeld oppheving av momsfritak for vegsektoren).  

Samanlikna med 2012 er dette ein auke på om lag 1,6 milliardar kroner eller 9,7  prosent. 

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet  går om lag 9,5 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.

 Den foreslåtte løyvinga på 17,8 milliardar kroner til vegformål er fordelt slik:

  • Om lag 8,3 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn – ein auke på 10,9 prosent

  • 7,9 milliardar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til rassikring
    – ein auke på 10,9 prosent

  • 550 millionar kroner som statleg tilskott til rassikring på fylkesvegnettet 

  • 15,5 millionar kroner til det nye Vegtilsynet – statleg tilsyn med veginfrastrukturen for offentleg veg

  • 525 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester

  • 411 millionar kroner til ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg statleg godtgjersle til tre  vegutbyggingar i perioden 2005-09  etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid, OPS”)

  • 140  millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”

Drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn: 8,3 milliardar kroner

Om lag 8,3 milliardar kroner er foreslått til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn.  Dette er ein auke på 810 millionar kroner eller 10,9 prosent i forhold til  2012.

2,1 milliardar kroner er sett av til drift av riksvegnettet. I drifta inngår mellom anna brøyting, strøing med salt og sand, vegoppmerking, vask og reingjering, oppsetting av skilt, trafikkstyring og trafikantinformasjon.    

Til vedlikehald av riksvegnettet er det lagt opp til å nytte om lag 1,7 milliardar kroner. Av dette beløpet skal om lag ein milliard kroner nyttast til vedlikehald av vegdekke og vegfundament. Dette vil gi asfaltdekke på om lag 950 kilometer riksveg, om lag det same som i 2012. Samla sett vil aktiviteten innan vedlikehald bli om lag på same nivå som i 2012.

Innanfor det foreslåtte beløpet på 8,3 milliardar kroner går 1,8 milliardar kroner til  trafikant- og køyretøytilsyn, noko som mellom anna omfattar tenester som blir utført ved trafikkstasjonane og ulike kontroll- og tilsynsoppgåver. Resten går i hovudsak til veg- og trafikkforvalting.   

Investeringar på riksvegnettet:  7,95 milliardar kroner

Om lag 7,95 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar på riksvegnettet, medrekna rassikringsmidlar. Dette er ein auke på vel 780 millionar kroner eller 10,9 prosent frå saldert budsjett 2012.  

I tillegg går om lag 9,5 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.

Forslaget betyr at ein innan utgangen av neste år har starta opp alle riksvegprosjekt som er prioriterte i første fireårsperiode av gjeldande Nasjonal transportplan  (2010-2019) og som har fått nødvendige avklaringar.

Nye,  større vegprosjekt

For 2013 er det prioritert statlege midlar til anleggstart eller førebuande arbeid på desse nye, større prosjekta på riksvegnettet, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

-          E39 Eiganestunnelen i Rogaland (føresett tilslutnad til finansieringsopplegg)

-          E39 Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande N, Sogn og Fjordane

-          E39 Svegatjørn – Rådal, Hordaland (føresett tilslutnad til finansieringsopplegg)

-          E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud (føresett tilslutnad til finansieringsopplegg)

-          E134 Gvammen – Århus, Telemark

-          Riksveg 5 Loftesnesbrua i Sogn og Fjordane

-          E6 Oppdal sentrum, Sør-Trøndelag

-          E6 Kråkmofjellet, Nordland

-          E8 Riksgrensa – Skibotn, Troms

-          E105 Elvenes – Hesseng, Finnmark

-          E16 Varpe bru – Smedalsosen i Sogn og Fjordane

-          E6 Halselv – Sandelv – Møllnes i Finnmark

I tillegg er det - innanfor vedtekne ”bypakker” - lagt til grunn bompengar til anleggsstart eller førebuande arbeid på desse nye, større riksvegprosjekta i 2013 (over 100 millionar kroner):

-          Riksveg 22 Lillestrøm – Fetsund, Akershus

-          E18 Ombygging ved Høvik stasjon, Akershus

-          E16 Sandvika – Wøyen

For fleire større prosjekt pågår det utgreiingar og ekstern kvalitetssikring. Regjeringa vil vurdera desse prosjekta nærare og vil deretter kome tilbake til Stortinget på eigna vis. Det er førebels lagt til grunn bompengar på desse prosjekta, med atterhald om tilslutnad frå Stortinget til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging:

-          E18 Knapstad – Akershus grense, Østfold

-          E18 Bommestad – Sky i Vestfold

-          E134 Stordalstunnelen, Hordaland

-          E6 Ringebu – Otta, strekninga Frya – Sjoa, Oppland

-          Riksveg 4 Gran – Jaren, medrekna Lygna sør, Oppland

-          E6 Helgeland i Nordland, første etappe

I 2013 tek ein òg sikte på å vurdere bompengeproposisjon for desse bypakkene:

-          Miljøpakke Trondheim, fase 2, Sør-Trøndelag

-          Bypakke Bodø, Nordland

-          Vegpakke Harstad, Troms

15 nye prosjekt blir opna for trafikk

Desse 15 nye, større vegprosjekta blir opna for trafikk i 2013, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

-          E39 Knutset – Høgset, Møre og Romsdal

-          E39 Astad – Knutset, Møre og Romsdal

-          Riksveg 13 Tysdalsvatnet (rassikring) Rogaland

-          Riksveg 13/riksveg 7 Hardangerbrua, Hordaland 

-          E16 Nestunnelen i Buskerud (omfattande utbetring av dagens veg) 

-          E16 Omlegging forbi Voss (Vossapakka), Hordaland 

-          E6 Øyer – Tretten, Oppland 

-          Riksveg 150 Ulvensplitten – Sinsen, Oslo 

-          E39 Hjartåberga (rassikring), Møre og Romsdal  

-          E6 Sentervegen – Tonstad, Sør-Trøndelag 

-          E6 Værnes – Kvithammar, Nord-Trøndelag 

-          E6 Harran – Nes bru, Nord-Trøndelag 

-          Riksveg 80 Løding – Vikan, Nordland 

-          E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft, Finnmark 

-          E6 Jansnes – Halselv, Finnmark

Særskilte tiltak for trafikksikring: Nær 750 millionar kroner

Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet føreslår regjeringa  748 millionar kroner.

Midlane vil i hovudsak gå til tiltak for å hindra dei alvorlegaste ulukkene på riksvegnettet, som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkjørsel av mjuke trafikantar. Sterkare midtmarkering og bygging av midtrekkeverk er mellom tiltaka. Andre prioriterte tiltak er mellom anna utbetring av sideterreng, vegbelysning og utbetring av kurvar og kryss.

I tillegg til desse særskilde investeringstiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av rassikringstiltak og utbygging av nye og tryggare vegar. Løyvingane til drift, vedlikehald og trafikant- og køyretøytilsyn er dessutan med på å gjere vegtrafikken tryggare.  

Rassikring: 1370 millionar kroner

Til rassikring er det føreslått å løyve 1 370  millionar kroner. Av dette går 819 millionar kroner til rassikring på riksvegar, medan 551 millionar kroner er statleg tilskott til rassikring på fylkesvegar.

For rassikring på riksvegar er dette ein auke på vel 282 millionar kroner eller om lag 53 prosent, samanlikna med 2012.

For tilskott til rassikring på fylkesvegar er dette ein auke på 12,4 millionar kroner frå 2012.

På riksvegnettet vil midlane bli nytta til å vidareføre prosjekt som alt er sette i gang eller vedtekne, mellom anna E39 Hjartåberga i Møre og Romsdal, riksveg 13 Tysdalsvatnet (Vatne – Øygjaneset) i Rogaland, E136 Vågstrandstunnelen og riksveg 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal og E10 Solbjørnneset – Hamnøy i Nordland.

Gang- og sykkelvegar: 507 millionar kroner

Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det lagt til grunn å bruke  507  millionar kroner, fordelt med 351 millionar kroner i statlege midlar og 156 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar. Midlane vil for det meste bli nytta for å få til samanhengjande sykkelnett i byar og tettstader og til utbygging langs skolevegar.

I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet. Desse vil dermed bli finansierte ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.   

Tiltak for kollektivtransporten og universell utforming: 196 millionar kroner

Innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen skal det i 2013 nyttast 196 millionar kroner til tiltak for kollektivtransporten og universell utforming. Av dette er 106  millionar kroner statlege løyvingar, medan det er lagt til grunn 90 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar.   

Midlane vil i hovudsak bli nytta til oppgradering av haldeplassar og trafikknutepunkt. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna  bygging av kollektivfelt.

Miljø- og servicetiltak: 135 millionar kroner

135  millionar kroner går  til miljø- og servicetiltak langs vegnettet, fordelt med 120 millionar kroner i statlege løyvingar  og 15 millionar kroner i bompengar.

Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming og til tiltak for å følgja opp Statens vegvesen sine forpliktingar når det gjeld internasjonalt regelverk for vasskvalitet og biologisk mangfald. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna miljøgateprosjekt.

Det er elles sett av midlar til bygging og oppgradering av kvileplassar for tungtrafikken.

Nasjonale turistvegar: 125 millionar kroner

Innanfor framlegget til riksveginvesteringar er det sett av 125 millionar kroner til prosjektet Nasjonale turistvegar. Satsinga på Nasjonale turistvegar omfattar 18 strekningar som skal utviklast til turistattraksjonar som skal vere med på styrkje Noreg som attraktivt feriemål.

Kjøp av riksvegferjetenester: 525 millionar kroner

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått å løyve 525 millionar kroner. Ferjetilbodet i 2013 blir i hovudsak vidareført frå 2012. Det er lagt til grunn at køyretøy- og passasjertakstane skal auke med gjennomsnittleg 3,3 prosent i 2013. 

Investeringar – fordelt på  transportkorridorar og riksvegstrekningar

I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2013 skal nyttast i alt 10 560 millionar kroner         (7 949 millionar kroner  eksklusiv ”momskompensasjon) i statlege midlar til  investeringar på riksvegnettet, medrekna rassikring. I tillegg kjem 9 525 millionar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.

Dei statlege midlane omfattar  ”ordinær budsjettpost for riksveginvesteringar”, posten Rassikring  og tre eigne investeringspostar -  for E18 i Bjørvika i Oslo, E16 over Filefjell og E6 Vest for Alta.

770 millionar kroner (medrekna momskompensasjon) av dei foreslåtte statlege løyvingane til riksveginvesteringar er sette av til såkalla ”ikkje rutefordelte tiltak”, mellom anna tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling og ”Fellesutgifter” (administrative kostnader  knytt til riksveginvesteringane , til dømes lønn, husleige, IKT ). 

Dei samla investeringsmidlane til riksvegnettet, medrekna rassikring er fordelte slik:             

(beløpa er medrekna kompensasjon for opphør av momsfritak for vegsektoren) 

Korridor/rute

Statlege midlar
- forslag
2013 , inkl kompensasjon Mva
(mill kr) 

Ekstern
finansiering
- overslag 2013 (bompengar m.v.) 
(mill kr)

Totalt til investeringar i 2013 
(mill kr)            

  

1. Oslo - Svinesund/Kornsjø

E6 Riksgrensa/Svinesund - Oslo med tilknytingar

106,8

211

318

2. Oslo - Ørje/Magnor

E18 Riksgrensa/Ørje - Oslo

543,3

226

769

Rv 2 Riksgrensa/Magnor - Kløfta og rv 35 Jessheim - Hokksund med tilknytingar

354,8

432

787

3. Oslo - Grenland - Kristiansand – Stavanger 

E18 Oslo - Kristiansand og E39 Kristiansand - Stavanger med tilknytingar  (post 30 + 35)

1 169,5

1 803

2 973

4. Stavanger - Bergen - Ålesund – Trondheim 

E39 Stavanger - Bergen - Ålesund med tilknytingar

1 254,3

315

1 569

E39 Ålesund – Trondheim

256,0

106

362

Rv 9 Kristiansand - Haukeligrend og rv 13/rv 55 Jøsendal - Voss - Hella – Sogndal

401,7

232

634

5. Oslo - Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

E134 Drammen - Haugesund med tilknytingar

750,8

1 136

1 887

Rv 7 Hønefoss - Gol og rv 52 Gol – Borlaug

239

 355

594

E16 Sandvika - Bergen med tilknytingar (p. 30+36)

668,2

438

1 106

6. Oslo Trondheim med armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund 

E6 Oslo - Trondheim med tilknytingar

1 723,9

2 999

4 723

Rv 3 Kolomoen – Ulsberg

139,7

 

140

Rv 15 Otta – Måløy

59,7

 

60

E136 Dombås - Ålesund med tilknytingar

341,1

194 

535

Rv 70 Oppdal – Kristiansund

320,7

 

321

7. Trondheim - Bodø med armar mot Sverige 

E6 Trondheim - Fauske med tilknytingar

506,3

260

766

8. Bodø - Narvik - Tromsø - Kirkenes med armar til Lofoten og mot Sverige, Finland og Russland 

E6 Fauske  - Nordkjosbotn med tilknytingar

606,5

570 

1 177

E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytingar 

347,9

10

358

Sum rutefordelte midlar

9 790,2

9 286

19 076

Ikkje-rutefordelte midlar x)

770,2

 

770

Sum riksveginvesteringar xx

10 560,4

xxx) 9 286

19 846

x)  mellom  anna prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling og ”Fellesutgifter” (administrative kostnader  knytte til riksveginvesteringane  (lønn, husleige, IKT) 
xx) omfattar budsjettposten ”Riksveginvesteringar” , posten Rassikring og særlege budsjettpostar for E16 over Filefjell,  E6 Vest for Alta og E18 i Bjørvika i Oslo.
xxx) Ikkje medrekna 230 millionar kroner frå bompengar til ”Vederlag til OPS-prosjekt”

Statsbudsjettet 2013 - samferdsel

Pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet om statsbudsjettet: