Stein Erik Nodeland ny direktør for Luftfartstilsynet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 36/12 | Dato: 30.03.2012
Stein Erik Nodeland er i statsråd i dag tilsett som direktør for Luftfartstilsynet. Han er 54 år og busett i Bærum. Nodeland har sidan 2010 vore tilsett i Forsvarsdepartementet som programdirektør for F-35-programmet.
Stein Erik Nodeland er i statsråd i dag tilsett som direktør for Luftfartstilsynet. Han er 54 år og busett i Bærum. Nodeland har sidan 2010 vore tilsett i Forsvarsdepartementet som programdirektør for F-35-programmet.
- Med Stein Erik Nodeland får Luftfartstilsynet ein leiar med brei erfaring og gode føresetnader i det viktige arbeidet med å sjå til at luftfartsverksemda i Noreg blir utøvd på ein sikker og effektiv måte, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Stein Erik Nodeland har utdanning frå Luftforsvarets flygeskole, frå Luftkrigsskolen, Forsvarets høgskole og frå Luftforsvarets stabsskole. Han har òg tilleggsutdanning i økonomi frå NHH. Nodeland har bakgrunn som jagarflygar og har hatt stabs- og leiarstillingar på ulike nivå i Forsvaret. Han har mellom anna vore skvadronsjef og generalinspektør for Luftforsvaret. Han har òg vore flygar i SAS. I tillegg har han vore sjef for den operative delen av Bodø hovedflystasjon.
Luftfartstilsynet har kontor i Bodø. Direktør i Luftfartstilsynet blir tilsett på åremål for seks år.
Pressefoto (Foto: Forsvaret)