Historisk arkiv

E16 Varpe bru – Otrøosen – Smedalsosen: Kostar nær 1,5 milliardar kroner, ferdig i 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- E16 over Filefjell blir mindre vêrutsett, og det blir lettare å halde vegen open vinterstid. I tillegg blir nokre rasfarlege punkt fjerna på dette viktige sambandet mellom Austlandet og Vestlandet.

- E16 over Filefjell blir mindre vêrutsett, og det blir lettare å halde vegen open vinterstid. I tillegg blir nokre rasfarlege punkt fjerna på dette viktige sambandet mellom Austlandet og Vestlandet.

Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med eit forslag om at Statens vegvesen skal få fullmakt til å gjennomføre prosjektet E16 Varpe bru - Otrøosen - Smedalsosen, i Oppland og Sogn og Fjordane.

Utbygginga er rekna å koste 1,49 milliardar kroner, og skal finansierast med løyvingar over statsbudsjettet.

I budsjettet for 2013 er det sett av midlar til førebuande arbeid. Det er førebels lagt opp til anleggsstart våren 2014 og opning for trafikk i 2017. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2014.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 20 kilometer ny veg, med om lag seks kilometer i tunnel. For å minske problema med snødrev skal vegen leggjast høgt i terrenget og med slake skråningar.


Fleire opplysningar:

Prop. 156 S (2012-2013) Ein del saker på Samferdselsdepartementets område