NTP: Vel 311 milliardar kroner til vegføremål
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 38/13 | Dato: 12.04.2013
- Med vel 311 milliardar kroner i statlege løyvingar til vegføremål i åra 2014 – 2023 blir det rom for ein sterk auke i satsinga på utbygging, fornying og opprusting av vegane. Eit trygt, robust og godt vegnett er viktig for velferda, verdiskapinga og næringsutviklinga i heile landet. I mange område finst det ikkje noko realistisk alternativ til vegtransport.
- Med vel 311 milliardar kroner i statlege løyvingar til vegføremål i åra 2014 – 2023 blir det rom for ein sterk auke i satsinga på utbygging, fornying og opprusting av vegane. Eit trygt, robust og godt vegnett er viktig for velferda, verdiskapinga og næringsutviklinga i heile landet. I mange område finst det ikkje noko realistisk alternativ til vegtransport.
Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014-2023 som blei lagd fram i statsråd i dag.
Regjeringa legg opp til at det over statsbudsjettet skal brukast i alt 311,5 milliardar kroner til vegføremål i tiårsperioden. Dette er 102,2 milliardar kroner eller 49 prosent meir enn ei vidareføring av nivået for saldert budsjett for 2013. I tillegg er det lagt til grunn om lag 98 milliardar kroner i anna finansiering – i all hovudsak bompengar.
Dei statlege midlane er fordelte slik:
• 291,8 milliardar kroner til føremål på riksvegnettet.
• Nær 20 milliardar kroner i statlege tilskot til fylkesvegane: 7,5 milliardar kroner går til skredsikring, medan 10 milliardar kroner - over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet - er auke i rammetilskot til fylkeskommunane slik at dei blir betre i stand til å fornye og ruste opp fylkesvegane. I tillegg går 2, 28 milliardar kroner til rentekompensasjonsordninga for transporttiltaka i fylka.
Riksvegane: Utbygging, fornying, drift og vedlikehald
Regjeringa legg opp til slik fordeling av midlane til riksvegane:
• 177 milliardar kroner går til investeringar på riksvegnettet, medrekna 8,7 milliardar kroner til skredsikring. Den samla investeringsramma er 72,6 milliardar kroner eller nær 70 prosent høgare enn ei vidareføring av nivået i saldert budsjett for 2013. I tillegg er det lagt til grunn 97 milliardar kroner i anna finansiering – i all hovudsak bompengar. Størstedelen av bompengane skal nyttast til store prosjekt, men det er også lagt til grunn bompengar til mellom anna kollektivtiltak i byområda gjennom bypakker og framtidige heilskaplege bymiljøavtalar.
• Vel 105 milliardar kroner er sette av til posten ”Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m” – ein auke på 16,8 milliardar kroner eller 19,1 prosent samanlikna med ei vidareføring av nivået for saldert budsjett for 2013. Delar av midlane skal også nyttast til mellom anna forvaltning av riksvegar og sams vegadministrasjon av riks- og fylkesvegar.
• For tiårsperioden er til saman 155 millionar kroner sette av til Vegtilsynet på Voss.
• I alt 9,3 milliardar kroner er fordelte til fleire andre føremål, mellom anna vel 4,6 milliardar kroner til ”Vederlag til OPS-prosjekt”, det vil seie prosjekt som er ferdig utbygde og som er gjennomførte i tråd med tidlegare inngåtte avtalar om ”offentleg-privat samarbeid, OPS”. I tillegg er det for tiårsperioden lagt til grunn at om lag ein milliard kroner i bompengar skal gå som vederlag til OPS-selskapa.
• Vel 4,7 milliardar kroner skal nyttast til statleg kjøp av riksvegferjetenester.
Investeringar på riksvegnettet
177 milliardar kroner går til investeringar på riksvegnettet, medrekna 8,7 milliardar kroner til skredsikring.
Størstedelen av investeringsmidlane, 95,7 milliardar kroner, går til store utbyggingsprosjekt på riksvegnettet. Av den statlege investeringsramma for store prosjekt er om lag 18 milliardar kroner bundne opp til å vidareføre prosjekt som er alt er sette i gang ved inngangen til 2014, medan øvrige midlar går til nye prosjekt og andre investeringstiltak i tiårsperioden.
Om lag 72,6 milliardar kroner av dei samla investeringsmidlane skal nyttast til heilskaplege bymiljøavtalar, fornyingstiltak for å ta igjen forfallet på riksvegane, fleire mindre utbetringar, trafikktryggleiks-, miljø- og kollektivtiltak, planlegging og kjøp av grunn og tiltak for gåande og syklande.
Regjeringa legg i tiårsperioden opp til å starte 56 store riksvegprosjekt med kostnadsanslag over 750 millionar kroner.
Kortare reisetid, betre vegstandard og tryggare trafikk
Utbygging av nye og betre veger og auka satsing på fornying, drift og vedlikehald vil gjere vegtrafikken meir påliteleg og driftssikker. Veksten i forfallet på vegnettet vil stoppe tidleg i planperioden, og i løpet av planperioden blir forfallet redusert.
For trafikantane vil tiltaka på vegnettet også bety mellom anna dette:
• Reisetida på strekningane E136/E6 Ålesund – Oslo og E6 Bodø – Tromsø blir redusert med rundt 30 minutt. Også strekningane E39 Stavanger – Bergen, E66 Tromsø – Alta og E6 Oslo – Trondheim vil få vesentlege forbetringar i reisetida.
• 1 280 kilometer riksveg blir opna for trafikk.
• 400 kilometer to- og trefelts riksvegar får midtrekkverk . I tillegg kjem 380 kilometer med ny møtefri firefelts veg. Ytterlegare 780 kilometer riksveg blir dermed møtefri i løpet av tiårsperioden.
• Om lag 370 kilometer riksveg vil få gul midtline.
• I alt 750 kilometer på riksvegnettet blir tilrettelagt for gåande og syklande, av dette om lag 240 kilometer i byar tettstader. Regjeringa legg opp til ei økonomisk ramme på i gjennomsnitt 820 millionar kroner årleg for å styrkje utbygging av gang- og sykkelvegar. Dette er ein auke på nærmare 400 millionar kroner samanlikna med nivået i statsbudsjettet for 2013.
• Utbygging av nye og tryggare vegar vil vere ein viktig del av arbeidet for å nå målet for tiårsperioden om å halvere talet på hardt skadde og drepne i vegtrafikken. I tillegg kjem tiltak som gjeld mellom anna kontrollverksemd, opplæring, informasjon og drift- og vedlikehaldstiltak som er retta inn mot å gjere trafikken tryggare.
Utbygging gir: Lengre samanhengande strekningar – med god standard
Regjeringa vil utvikle transportkorridorar som bind saman landsdelar og regionar og gir effektive, pålitelege samband til utlandet. Dette er bakgrunnen for at regjeringa særleg vil prioritere vegsambanda E6, E10, E16, E18, E39 og E134. Desse vegane tar ein stor del av transporten mellom landsdelane og har mykje å seie for både busetnad og næringsliv. Regjeringa legg særleg vekt på at lengre samanhengande strekningar får god standard.
Regjeringa legg mellom anna desse prioriteringane til grunn:
E6
• Det blir samanhengande firefelts veg mellom svenskegrensa ved Svinesund i Østfold og Brumunddal i Hedmark
• Utbygginga på strekninga Ringebu – Otta i Gudbrandsdalen i Oppland blir ferdig
• E6 gjennom Sør- og Nord Trøndelag få ei kraftig opprusting
• Samanhengande tiltak på Helgeland i Nordland gir god vegstandard frå grensa mot Nord-Trøndelag og nordover fram til Saltfjellet
• Viktige utbetringar på fjellovergangar i Nordland og Troms
• Fullføring av utbygging vest for Alta i Finnmark fører til at vegen E6 gjennom Finnark vil ha stort sett god standard
• Bygging av ny Tana bru i Finnmark fjernar ein flaskehals for trafikken i den austlege delen av fylket
E18
• Strekninga Momarken i Østfold – Vinterbro i Akershus vil vere utbygd
• ”Vestkorridoren”, E18 vest for Oslo, blir bygd ut på strekninga Lysaker – Ramstadsletta i Bærum i Akershus
• Vest for Oslo fører fleire prosjekt at E18 blir firefelts veg frå Oslo grense gjennom Akershus, Buskerud og Vestfold, til Langangen i Telemark
• Firefelts veg blir bygd på strekninga Rugtvedt – Dørdal i Telemark og på strekninga Tvedestrand Arendal i Aust-Agder
E16
• Firefelts veg Kongsvinger – Kløfta, i Hedmark og Akershus
• Vegen over Filefjell, på strekningar i Oppland og Sogn og Fjordane, blir utbetra
• Delar av strekninga Sandvika – Hønefoss i Akershus og Buskerud blir bygd ut til firefelts veg
• Utbyggingsprosjektet mellom Fønhus og Bjørgo i Oppland blir ferdig
• Utbygging gjennom Valdres, frå Fagernes til Hande
E39
• For vegen Kristiansand – Stavanger – Bergen – Ålesund – Trondheim vil hovudsatsinga i dei komande åra bli gjennomført på strekningar mellom fjordkryssingane
• Mellom Kristiansand og Stavanger: Kraftig løft for tryggare trafikk og meir effektiv trafikk, med tiltak på den viktige strekninga Kristiansand – Lyngdal i Vest-Agder
• ”Rogfast”, ferjeavløysingsprosjekt i Rogland, blir bygd
• Ålgård – Sandved i Rogaland blir bygd og vil gi samanhengande firefelts veg frå Ålgård til Bokn
• Strekningar mellom Stavanger og Bergensregionen: Utbygging av mellom anna Svegatørn – Rådal og Nyborg – Klauvaneset i Hordaland
• Utbetringar i Sogn og Fjordane på strekningane Drægebø – Grytås, Birkeland – Sande, Bjørset – Skei og Kjøs bru – Grodås
• Fullføring av arbeidet på strekninga Lønset – Hjelset i Molde kommune, Møre og Romsdal
• Strekninga Betna - Vinjeøra – Stormyra, i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag
• Fullføring av prosjektet Harangen - Høgkjølen i Sør-Trøndelag
E134
• Bygging av nye tunnelar på E134 over Haukelifjell
• Fleire store prosjekt blir fullført, mellom anna Gvammen – Århus i Telemark, Damåsen – Saggrenda i Buskerud og bygging av eit ekstra løp i Strømsåstunnelen i Buskerud
E10
• Utbygging og opprusting av E10 og riksveg 85 mellom Tjeldsund og Sortland, på strekningar i Nordland og Troms vil gi betre vegsamband for både Vesterålen og Lofoten
Kjøp av riksvegferjetenester: 4,7 milliardar kroner – sikrar betre tilbod og kapasitet
Regjeringa legg opp til ei ramme på i alt 4,7 milliardar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester i perioden 2014 – 2023. Fleire av dei største riksvegferjesambanda vil i løpet av dei nærmaste åra ha ein rutefrekvens på 20 minutt.
AutoPASS skal etter kvart takast i bruk som betalingssystem i ferjedrifta og vil lette trafikkavviklinga på sambanda og gjøre betalinga enklare for både ferjemannskap og passasjerar.
Samleside om Nasjonal transportplan 2014-2023 med flere pressemeldinger, grafikk og mer informasjon