Sporlegging i Bærumstunnelen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Lyd og bilde | Dato: 01.02.2011
Måndag fekk samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa sjå sviller og skjener bli lagt meter for meter i den nye Bærumstunnelen. Arbeidet er inne siste fase – snart vert nytt dobbeltspor på strekninga Lysaker-Sandvika opna.
Måndag fekk samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa sjå sviller og skjener bli lagt meter for meter i den nye Bærumstunnelen. Arbeidet er inne siste fase – snart vert nytt dobbeltspor på strekninga Lysaker-Sandvika opna.
Det nye dobbelsporet blir teke i bruk i månadsskiftet august-september i år og samferdselsministeren gler seg til opninga.
Stor Oslo-prosjektet
- Det vi ser her, er eit konkret resultat av det krafttaket regjeringa har sett i gang for å betre det norske jernbanenettet. Med Stor Oslo-prosjektet – som Bærumstunnelen er ein del av – har vi rusta opp sjølve navet i Jernbane-Noreg, sa Kleppa til journalistane som hadde blitt med djupt inn i tunnelmørkret.
Bærumstunnelen utgjer 5,5 km av den 6,7 km lange dobbeltsporstrekninga Sandvika-Lysaker. I den siste tida har Baneservice AS lagt spor i tunnelen med ei fart på 1200 meter i døgnet.
Prosjektet, som også har bestått i å sprengja ut tunnelen, har teke rundt tre år - noko kortare tid enn planlagt.
Mindre forsinkingar
- Fersk statistikk viser at talet på såkalla forsinkingstimar har gått kraftig ned sidan i fjor, sa Kleppa.
- Medan det i desember-januar 2009-2010 var 2760 timar med forsinkingar på jernbana i Oslo-området, var talet for same periode denne vinteren 1561.
- Det viser at det nyttar. Stor Oslo-prosjektet med fornying og vedlikehald på jernbanen i og rundt Oslo har gitt resultat.