Historisk arkiv

Opning av ny Tollpost Globe terminal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Kaupanger 30. november 2005

Opning av ny Tollpost Globe terminal

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Kaupanger, onsdag 30. november 2005

Takk for invitasjonen – og eit oppdrag eg gleder meg til å utføre.

For meg har det vore interessant å bli nærmare kjent med Tollpost Globe og det landsdekkjande distribusjonsnettet som selskapet har for pakker og stykkgods, eit nett som òg er tilknytt eit nordisk og internasjonalt nettverk.

Kaupanger har no fått ein flott, effektiv og framtidsretta Tollpost Globe-terminal – til glede for heile selskapet og særleg for dei som arbeider ved terminalen her i Kaupanger.

For næringsliv og alle andre som skal transportere pakker og gods, er den nye terminalen eit stort framsteg. Ein moderne og effektiv terminal, plassert i kryssingspunktet for viktig transport aust-vest og nord-sør, gir eit enda betre tilbod og er med på å styrkje konkurranseevne og næringsgrunnlag i dette distriktet.

Moderne terminal- og distribusjonsløysingar fører for det første til at gods kjem raskare og tryggare fram, frå dør til dør, just i tide, som det heiter på godt norsk. Slike løysingar fører òg til betre utnytting av transportmidla, noko som er med på å gjere godstransport meir miljøvennleg.

I årsmeldinga til Tollpost Globe, som eg har lese med interesse, er det særleg to punkt eg har merka meg. For det første har bedrifta eit medvite forhold til likestilling. Viktig i ei næring som tradisjonelt har vore mannsdominert. Det gjer seg og utslag i at avdelinga her i Kaupanger har ei dyktig kvinne som leiar.

For det andre vil eg rose Tollpost Globe for si haldning til desentralisert drift. I Sogn og Fjordane drøfta ein å sentralisere til ein terminal på Skei. No er det bestemt å bygge ut både i Førde, Stryn og her i Kaupanger. Og det er til og med lønsamt!

Eg vil gjerne løfte fram bedrifta som eit føredøme for andre på dette området. Det går an å drive både desentralisert og lønsamt!

Eg har merka meg at Tollpost Globe er ein stor og viktig aktør når det gjeld kombinerte transportar, altså eit samspel mellom lastebil, båt og bane. Som samferdselsminister vil eg vere med på å leggje til rette for at Tollpost Globe og andre godstransportørar kan styrkje slik meir miljøvennleg transport.

Eg er fullt klar over at effektiv, trygg og punktleg transport krev ein god infrastruktur – altså veg, bane, flyplassar og hamner. Som samferdselsminister skal eg love å stå på for å få til utbygging som verkeleg monnar, ikkje minst i distrikta.

Eit lite hint frå meg: For godstransportnæringa og for dei som er oppdragsgjevarar, særleg industrien, kan det faktisk løne seg å liggje langt fram i løypa når det gjeld miljøvennleg transport: Mange forbrukarar er i dag i dag svært medvetne om at dei skal kjøpe og ha miljøvennlege produkt. I utlandet – og i noko monn her heime – ser vi teikn til at forbrukarane dessutan blir meir opptatte av at produksjon og transport fram til forbrukaren skal skje på ein meir miljøvennleg måte. Den som vil halde seg inne med forbrukarane, og posisjonere seg på marknaden, som det så fint heiter, bør difor vere framtidsretta og leggje opp til meir miljøvennlege transportløysningar.

Til alle som har vore med i planlegging og bygging av den nye terminalen – gratulerer med velgjort arbeid!

Og til Tollpost Globe og alle tilsette i selskapet, særleg her i Kaupanger: Gratulerer og lukke til på ferda vidare!

Med dette har eg så gleda av å erklære den nye terminalen til Tollpost Globe for opna!