Historisk arkiv

Bilavgiftene finansierer fellesskapet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Artikkel av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Bilavgiftene finansierer fellesskapet

Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete (SP)
Publisert i Sogn Avis 04.05.06

”Kva vegavgifta går til” er tittelen på eit innlegg frå stortingsrepresentant Åge Starheim i Sogn Avis. Han synest å meine at bilavgiftene bør øyremerkast og berre nyttast til vegføremål. Skal ein følgje desse tankane, vil det går ut over føremål og ordningar som Starheim truleg ønskjer å hegne om.

Inntektene frå bilavgiftene, saman med andre skatter og avgifter, er nødvendige for å finansiere fellesskapsløysingane våre. Dette dreier seg om velferdsordningar, utdanning, distriktspolitikk, forsvar – og samferdsel. Det er brei politisk semje om at inntektene frå bilavgiftene (drivstoffavgifter og køyretøyavgifter) ikkje skal øyremerkast til eitt spesielt føremål. Framstegspartiet har og slutta seg til eit slik syn i praksis, ved at partiet har vore med på budsjettforlik i Stortinget.

Staten har årleg om lag 40 milliarder kroner i inntekt frå bilavgiftene. Dei samla årlege samfunnsmessige kostnadene knytt til bilbruk er minst like høge. I tillegg til løyvingar til utbygging og vedlikehald av det offentlege vegnettet, har samfunnet store kostnader som følgje av ulukker, forureining og støy. Reknestykket er difor langt ifrå så enkelt som Starheim liker å framstille det. Med den logikken som Starheim har vikla seg inn i, kan konklusjonen gjerne bli at bilistane betaler for lite, i forhold til dei samla kostnadene. Men slike samanlikningar, som Starheim legg opp til, er ikkje særleg tenlege. I tillegg er Starheim svært uvøren i omgangen med store tal, når han formidlar påstanden om at trafikkulukkene årleg kostar samfunnet 23 millionar kroner. Det riktige beløpet er 25 milliardar kroner.

Framstegpartiet sitt ”store tryllenummer” er at partiet alltid har pengar nok til gode føremål, gjennom ein uforsvarleg bruk av oljefondet. Men i den verkelege verda må til og med Framstegspartiet prioritere!

Bilavgiftsystemet kan bli betre. Regjeringa er opptatt av å vri avgiftene slik at dei fremjer eit forbruksmønster som betre gavner samfunnet og fellesskapet. I samband med budsjettet for 2007 vil vi difor gå gjennom bilavgiftene for at dei skal få ei meir miljøvennleg utforming. Da må alle bilavgiftene vurderast, det vil seie eingongsavgift, årsavgift, omregistreringsavgift og drivstoffavgift.

Framstegspartiet har ofte enkle svar på vanskelege spørsmål. Men kravet frå Åge Starheim om å øyremerke bilavgifter til vegføremål er lettvint og ikkje noko konstruktivt bidrag til den store debatten om korleis vi skal få til eit løft for fellesskapet – og samferdsel – i heile landet.